Klage på vedtak

Klage på vedtak

Kva kan du klage på?

Du kan klage på enkeltvedtak, for eksempel:

  • Byggeløyve eller avslag på byggesøknad
  • Deling eller seksjonering
  • Reguleringsplan
  • Godkjenning av avkøyring
  • Vedtak om adressering

Når kan du klage?

Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga må vere postlagt før fristen går ut.

  • Har du ikkje motteken vedtaket, er fristen tre veker frå du vart kjent med vedtaket eller burde ha skaffa deg kjennskap om vedtaket.
  • På planvedtak som vert offentleg kunngjort, må du klage seinast tre veker etter kunngjeringa.

Sjølv om du sender inn klaga for seint, kan vi i nokre tilfelle behandle klaga. Sjå forvaltningslova sine bestemmingar om å klage på vedtak etter fristen.

Kven kan klage?

For at vi skal behandle klaga di, må du vere part i saka eller ha rettsleg klageinteresse.

  • For at du skal vere part i saka, må vedtaket rette seg mot deg, eller direkte gjelde deg.
  • For at du skal ha rettsleg klageinteresse, må du ha ein tilknyting til saka. Dette gjeld naboar, gjenbuarar, bebuarar i nærområdet, velforeiningar og interesseorganisasjonar, der saka rører eigedommen (sol, luft, ljos og skoleveg). Om du har rettsleg klageinteresse, vurderer vi i kvart enkelt tilfelle.

Slik klagar du

Klaga må vere skriftleg. Lever klaga til oss per brev eller e-post innan 3 veker etter at du har motteke vedtaket. 

Dette bør du opplyse i klaga:

  • Skriv at det er ei klage.
  • Skriv kva for eit vedtak du klagar på, for eksempel saksnummer eller namnet på saka.
  • Skriv kva for eit forhold du har til saka, for eksempel at du er nabo.
  • Grunngje klaga og skriv tydeleg korleis du ønskjer vedtaket endra.
  • Dersom du har ny informasjon som ikkje er omtalt i saka, er det viktig at du tek den med inn i brevet ditt.
  • Klaga må vere underskreven av deg eller din fullmektig, for eksempel advokat.

Dersom du ber om at gjennomføring av tiltaket vert stoppa til klaga er avgjort, må du leggje ved ein eigen grunngjeving for dette (utsatt iverksetting av vedtaket).

Kvar sender du klaga?

Du sender klaga til Aukra kommune.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle klaga di innan fristen som er gitt i byggesaksforskrifta (SAK10) kapittel 7.

Innsyn i saksdokument

Ta kontakt med kommunen om du ønskjer innsyn i saka. Dersom du er part i saka, kan du og få innsyn i saksdokument som ikkje er publisert på heimesida.

Saksomkostningar

Dersom vedtaket vert endra som følge av klaga di, kan du krevje at kommunen dekker eventuelle vesentlege kostnader, som har vært naudsynt for å få vedtaket endra. Du må sende krav om dette seinast tre veker etter at du har fått det nye vedtaket.

Kravet må innehalde:

  • Informasjon om tal på timar, timepris og dato for arbeidet
  • Ei generell beskriving om arbeidet som vart utført og kvifor det vart naudsynt og relevant for utfallet av klagesaka

Send kravet til det forvaltningsorganet som har omgjort vedtaket.

Lover og reglar

Forvaltningslova
Byggesaksforskrifta (SAK10)

Kontaktinformasjon

Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset
Kommunehuset er ope alle kvardagar mellom kl. 10.00 og 14.00

Sentralbordet er ope mellom kl. 9.00 og 14.30

Adresse

 

 

Adresse

Aukra kommunehus
Nyjordvegen 12
6480 Aukra