Dispensasjon

Dersom du ønskjer å byggje, rive eller endre noko som er i strid med lover, reglar og føresegner for eigedomen din, kan du søkje om dispensasjon. Dispensasjon vil seie at kommunen gir nokon løyve i ei konkret sak til å byggje eller gjere noko som ikkje er i samsvar med desse føresegnene.

Hovudregelen er at alt skal byggje slik at det er i samsvar med plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter og planar. Dei forskjellige områda i kommunen har ulike planføresegner. Når du skal byggje noko må du derfor finne ut kva føresegner som gjeld for eigedomen din.

Reguleringsplanar og kommuneplanar er tilgjengeleg i kommunen sin planportal. I planportalen kan du også sjå om det er gitt dispensasjonar innanfor den einskilde planen.

Dispensasjon kan vere varig eller tidsavgrensa. Du kan søkje om dispensasjon frå alle føresegner, men ikkje frå saksbehandlingsreglar.

Du kan lese meir om dispensasjon på Direktoratet for byggkvalitet sitt faktaark.   (PDF, 276 kB)

Kva skal til for å få ein dispensasjon?

Du kan få dispensasjon dersom

  • omsynet til føresegna det blir søkt dispensasjon frå, eller omsyn i loven sin føremålsparagraf (§1-1) ikkje vert vesentleg sett til side
  • fordelane ved å gi dispensasjon er klart større enn ulempene

Begge desse vilkåra må vere oppfylte for at kommunen kan vurdere å gi dispensasjon.

Når du skal søkje om dispensasjon bør du grunngi søknaden med forhold som er spesielle for saka di. Argumenter som vanlegvis ikkje er avgjerande, er personlege forhold som

  • behov for større plass
  • sjukdom
  • at dispensasjonen er nødvendig som ledd i eit arveoppgjer

Grunnen er at arealbruk blir fastlagd i eit livslangt perspektiv, mens eigarforholda på staden vil kunne vere skiftande.

Slik søkjer du om dispensasjon

Du kan søkje om dispensasjonen i framkant eller samtidig med tiltaket (det du skal byggje).

Saksbehandling

Saksbehandlingsfristen er på 12 veker frå motteke søknad. Du vil normalt få ei tilbakemelding innan 2 veker om det er manglar ved søknaden.

Dersom søknaden gjeld andre statlege styresmakter sine saksområde, vil søknaden bli send til uttale dersom du ikkje har gjort det i framkant. Andre styresmakter har 4 veker svarfrist.

Saksbehandlingsgebyr

Gebyr for dispensasjon
Varenummer Forklaring Referanse Gebyr 2023 i kroner
3070 Søknad om dispensasjon frå plankrav i kommune- og reguleringsplan, arealbruk § 3.10            16 240
3071 Søknad om dispensasjon i 100-metersbeltet langs sjø og vassdrag § 3.10            16 240
3072 Søknad om dispensasjon frå utnyttingsgrad, regulert byggelinje, etasjetal, høgd i plan, veglova sine føresegner mv. § 3.10              9 474
3073 Søknad om dispensasjon frå andre forhold i plan og/eller pbl med tilhøyrande forskrifter, samt andre forhold som ikkje er særskilt nemnd § 3.10              5 414
3074 Søknad om dispensasjon for tiltak på eksisterande bygningar i LNF-områder i tråd med gjeldande retningsliner. § 3.10              5 414
3075 Dispensasjonssøknad som krev høyring § 3.10              1 353
3076 Dispensasjonssøknad som krev politisk behandling § 3.10              8 120

Klage

Ingen har krav på få dispensasjon. Dersom resultatet av saksbehandlinga blir avslag, har du klagerett. Meir informasjon om klagerett:

Kontakt

Ingrid Ilestad
Saksbehandlar
E-post
Mobil 90 95 32 58
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30