Skjenkebevilling for opent og lukka arrangement

Når må du søke om skjenkebevilling for arrangement?

Du må søke om bevilling, dersom:

  • du skal ha eit arrangement som er opent for publikum, innandørs og/eller utandørs på eit avgrensa område.
  • du leiger lokale og tek betalt for alkoholhaldig drikke. 
  • du skal servere alkoholhaldig drikke på offentlege plassar som for eksempel gapahuk på badestrand. Du må søke, sjølv om du ikkje tek betalt for alkoholhaldig drikke. 
  • du skal servere alkoholhaldig drikke i eit lukka selskap som for eksempel bryllaup eller interne arrangement i bedrifter og er ikkje eigar, leigar, drivar eller tilsett ved det aktuelle lokale. “Leigar” forutset eit varig leigeforhold, men ikkje leige av eit lokale til ei enkelt anledning.

Sjekk om du må søke om skjenkebevilling

Krav som du må oppfylle/viktig å vite

  • Styrar og og vara for styrar må vere over 20 år.
  • Styrar og vara for styrar må ha uklanderleg vandel.
  • Skjenkebevilling for open og lukka arrangement gjeld berre for øl og vin (gruppe 1 og 2).
  • Aukra kommune krev at det er minst fire vakter på arrangementa.
  • Aukra kommune innvilgar ikkje skjenkebevilling til arrangement som rettar seg mot barn og ungdom under 18 år.

Korleis søke om skjenkebevilling for arrangement?

Du må sende oss ein søknad om skjenkebevilling. Det er same søknad for både open og lukka arrangement. Søknadsskjemaet er elektronisk. Du kan laste opp eventuelle vedlegg i søknaden.

Søk om skjenkebevilling for arrangement

Du må melde arrangementet til politiet på førehand

Arrangør av arrangement på offentleg stad må melde til eller søke politiet om løyve.

Du må søke politiet om løyve dersom arrangementet har eit omfang som openbart medfører behov for reguleringar. Du må søke minimum fire veker før arrangementet startar. Ved større arrangement bør søknaden bli sendt når planlegginga startar.

Du må melde arrangementet til politiet når du har planar om eit arrangement på offentleg stad, eller dersom arrangementet er tilgjengeleg for allmenta. Du må melde frå minimum to veker før arrangementet startar.

Les meir om korleis du kan melde til eller søke Møre og Romsdal politidistrikt om løyve

Kva kostar det?

Gebyr for skjenkebevilling for eit enkelt høve
Bevillingstype Gebyr 2025
Ambulerande skjenkebevilling per arrangement Kr 440
Bevilling for eit enkelt høve med inntil 150 deltakarar per dag Kr 500
Bevilling for eit enkelt høve med mellom 151 og 600 deltakarar per dag Kr 1 500
Bevilling for eit enkelt høve med meir enn 600 deltakarar per dag Kr 3 000

Kor lang tid tek det?

Kommunen behandlar søknad om skjenkebevilling for opent og lukka arrangement innan tre til fire veker etter at du har sendt inn ein fullstendig søknad. Søknaden vert sendt på høyring til politiet. Behandlingstida kan ta lengre tid, dersom høyringsinstans brukar lang tid, har merknader til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.

Kva er eit lukka arrangement/slutta lag?

Klage på vedtak om skjenkebevilling

Vedtak om skjenkebevilling er eit enkeltvedtak som du kan klage på.

Lover og reglar

Oversikt over lover og reglar som gjeld for serverings-, sals- og skjenkestadar.

Kontakt

Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Mobil 94 82 64 42
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30