Omsetnadsoppgåve og avgift

Alle som har ei sals- eller skjenkebevilling må levere ei omsetnadsoppgåve og betale avgift kvart år. Storleiken på avgifta er avhengig av kor mykje alkohol du har selt. Opplysningar om alkoholsalet skal du oppgje i omsetnadsoppgåva.

Korleis sende inn omsetnadsoppgåve?

Bevillingshavarar med fleire bevillingar må sende inn ei omsetnadsoppgåve for kvar bevilling. Aukra kommune sender ut frist for innsending av omsetnadsoppgåve til alle bevillingshavarar.

Send inn omsetnadsoppgåve

Vedlegg til omsetnadsoppgåva

Du må leggje ved ein stadfesting frå revisor/rekneskapsførar om faktisk omsetnad. Vedlegget kan du laste opp i søknadsskjemaet.

Opphøyr eller sal av verksemd

Avgifta lauper heilt til bevillinga vert sagt opp. Dersom sals- eller skjenkestaden vert selt, må du sende inn omsetnadsoppgåva så snart endelege omsetnadstal er klare.

Kva kostar det?

Du finn satsane for avgifta i alkoholforskrifta, kapittel 6. Satsane vert justert kvart år.

Kva skjer dersom du ikkje leverer omsetnadsoppgåva eller ikkje betalar avgifta?

  • Dersom du ikkje leverer omsetnadsoppgåva innan fastsatt frist, får du tildelt to prikkar.
  • Dersom du ikkje betalar avgifta innan fastsatt frist, får du tildelt to prikkar.

Om du får tildelt tolv prikkar eller meir i løpet av to år, vil vi inndra sals- eller skjenkebevillinga i minst ei veke.

Her kan du lese meir om prikktildelingssystemet.

Kontakt

Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Mobil 94 82 64 42
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30