Tilskot til drenering

Om tilskot til drenering

Kommunen får kvart år tildelt midlar til drenering av vassjuk jord. Føremålet med ordninga er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord, samt å redusere faren for erosjon og avrenning av næringsstoff til vassdrag og sjø. 

God drenering av jorda er viktig for å kunne auke matproduksjon og eit viktig ledd i å tilpasse jordbruket til eit endra klima med meir nedbør. I tillegg er drenering av vassjuk jord eit godt klimatiltak. Forskning tyder på at godt drenert jord slepp ut betydelig mindre lystgass enn vannmetta jord, der lystgass er ein sterk drivhusgass.

Kven kan søkje om tilskot til drenering?

  • Føretak som eig eller leiger jordbruksareal som tidlegare er grøfta
  • Det kan òg bli gjeve tilskot til eigar av jordbruksareal som vert leigd ut

Kva kan du få tilskot til drenering til?

  • Drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal
  • Planerte areal som ikkje er grøfta tidlegare

Kor mykje tilskot kan du få?

Ved tilskot til systematisk grøfting av jordbruksareal kan du få inntil 4 000 kroner per dekar. Ved anna grøfting kan du få inntil 61 kroner per løpemeter grøft. Du kan ikkje få meir enn 4000 kroner per dekar samla, dersom du søkjer om tilskot til ulike typar grøfting.

Korleis søkje om tilskot til drenering?

Fyll ut søknad om tilskot til drenering i Altinn.

Vedlegg til søknaden

Dette må du laste opp i søknaden:

  • Kart med grøfteskisse (obligatorisk)

I tillegg kan det vere aktuelt å laste opp følgjande vedlegg:

  • Avtale med eigar om å gjennomføre tiltaket
  • Dokumentasjon av tidlegare drenering eller planering
  • Detaljert kostnadsoverslag

Frist for å søkje om tilskot til drenering

Fortløpande. Søknadar vert prioritert etter søknadsdato.

Tilskotsramme

Etter jordbruksoppgjeret for 2023 kan kommunane ikkje lenger overføre ubrukte midlar mellom år, men får tildelt ei årleg ramme frå Statsforvaltaren. Det betyr at kommunane no har mindre tilskotsmidlar enn før.

I 2024 har Aukra kommune fått tildelt 50 000 kroner, mot 200 000 kroner i 2023. Statsforvalteren vil i løpet av året omfordele midlar frå prosjekt som ikkje er gjennomført innan arbeidsfristen. Søkarar bør difor vere førebudd på at ei eventuell bevilling av tilskot kan trekke litt ut i tid om vi ikkje har midlar tilgjengeleg. Vi vil prøve å halde søkarar orientert dersom det skjer.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om tilskot til drenering på Landbruksdirektoratet si heimeside.

Brosjyren "Hva skjuler seg i jorda? Spor etter forhistoriske hus og graver i dyrka mark" gjev råd om spor du kan sjå etter ved drenering og annan jordarbeid. (PDF, 481 kB)

I brosjyren finn du også informasjon om kva du skal gjere ved arkeologiske funn i jorda.

Klage på vedtak om tilskot til drenering

Kontakt

Gunn Sissel Gjersvik
E-post
Mobil 99 10 93 21
Jermund Vågen
E-post
Mobil 97 57 07 99
Stine Løvik Huse
E-post
Mobil 98 66 89 02
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30