Søknad om tilskot til prosjekt og arrangementKven kan søkje om tilskot til prosjekt og arrangement?Lag og organisasjonar som er registrert i Frivilligregisteret og er aktiv i Aukra kommune, kan søkje om tilskot.Lag og organisasjonar kan ikkje søkje dersom dei: er finansiert av offentlege midlar har lukka medlemskap er politiske organisasjonar tar i vare yrkesinteresser har kommersielle interesserIkkje registrert i Frivilligregisteret? Du kan registrere deg her.Kva kan du søkje om tilskot til prosjekt og arrangement til?Tilskotet er eit prosjekttilskot, som kan gå til arrangement utbygging oppussing vedlikehald.Eksemplar er konsertar eller oppussing av klubbhus. Du kan søkje om opp til kr 300 000,-. Tilskotet vert utbetalt etter at du har sendt oss det godkjente prosjektrekneskapet. Dersom du ikkje nyttar tilskotet innan to år etter tildelinga, vil det falle bort.Slik søkjer du om tilskot til prosjekt og arrangementDu kan søkje om tilskot ved å bruke vårt elektroniske søknadsskjema.Vedlegg til søknaden Detaljert budsjett eller kostnadsoverslag med finansieringsplan Plan for gjennomføringDu kan laste opp vedlegga direkte i søknadsskjemaet.Frist for søknad om tilskot til prosjekt og arrangementSøknadsfrist er 1. mars og 1. september kvart år.Kva skjer vidare med din søknad om tilskot til prosjekt og arrangement?Søknadane vert behandla politisk i livsløpsutvalet, i møte i mars/april og september/oktober. Etter møtet vil vi sende deg eit brev.Klage på vedtak om tilskot til prosjekt og arrangementVedtak om tilskot er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du enten per post til:Aukra kommuneNyjordvegen 126480 Aukraeller digitalt ved å bruke eDialog.Du kan òg sende klagen på e-post til post@aukra.kommune.no. Hugs å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post. Endeleg klageinstans er klagenemnda i kommunen, som er Aukra formannskap.Retningsliner for tilskot til prosjekt og arrangementRetningsline for søknad om tilskot til prosjekt og arrangement (PDF, 365 kB) Publisert 21.06.2018 14.19 Sist endra 25.04.2024 10.26