§ 1 Definisjon
Aukra kommune sitt kommunevåpen er vedteke i kommunestyret den 19. desember 1986, sak nr. 89/86 og godkjent i Kongeleg resolusjon 22. mai 1987. Retningslinene er revidert og vedteke i kommunestyret den 20. mars 2014, sak nr. 11/14.
Aukra kommunes våpen skal vere: Blå på grunn to gullringer, 1-1 Aukra kommunes flagg skal vere: Blå på grunn to gullringer, 1-1
Våpenet si form og sine proporsjonar er vist i Jarle Skuseth si originalteikning.
§2 Generelt
Våpenet er kommunen sitt merke og er rettsleg verna (straffelova § 328 – 19.03.1926)
a) Som hovudregel kan våpenet berre brukast av kommuneadministrasjonen og av kommunale institusjonar i samband med kommunale funksjonar og til dekor
b) Våpenet må ikkje brukast slik at det kan sjå ut som privat kjennemerke. Private kjennemerke må heller ikkje stillast saman med våpenet. Våpenet må ikkje brukast i privat forretning som reklame, annonsering eller varemerke.
Formannskapet kan gi dispensasjon for bruk av våpenet ut over det som er nemnd i § 2 pkt. a.
§ 3 Bruk av våpenskjold
Våpenskjoldet skal brukast med sine rette fargar, heraldisk blått og gull. Fargekodane som skal brukast er for blå: CYAN (C100, M0, Y0, K0) og gull: PMS 871 (C17, M32, Y100, K0).
Våpenet kan nyttast som eigarmerke på bygningar, bilar og andre ting, i tillegg til skrivearket, konvoluttar og liknande. Etter nærare vedtak kan våpenskjoldet i fargar brukast som jakkemerke og liknande.
§ 4 Bruk av flagg
Flagget kan brukast på kommunale bygningar og anlegg. Etter vedtak i formannskapet kan flagget brukast på offentlege plassar og liknande ved spesielle festdagar, offentlege besøk, tilstellingar og arrangement.
§ 5 Bruk av våpenet i faner, vimplar og liknande
Våpenet kan brukast som bordflagg i vimpelform, til bruk som dekorasjon ved kommunale tilstellingar og som gåver. Til dekorativ bruk kan flagget lagast og brukast som hengande banner.
I denne forma kan det brukast på flaggstenger langs vegar og hengande på vegg.
§ 6 Bruk av våpenet i stempel og segl
Våpenet kan brukast i kommunale etatar/institusjonar i rundt stempel eller segl med etaten eller institusjonen sitt namn i en innskriftring rundt våpenet. Proporsjonen og skrifttype skal vere slik som det vedteke segl: «Ordføraren i Aukra»
§ 7 Våpenet si utforming
Våpenet si skjoldform og i flagg, kan lagast i ulike tekstilar og materiale, til dømes plastisk i flatestil, måla, teikna, vevd, brodert eller gravert. All utforming av våpenet må følgje dei tekniske og heraldiske kvalitetsrammer som gjeld for farge, form og proporsjon.
§ 8 Dispensasjon
Formannskapet v/ordførar og rådmann kan gi dispensasjon for bruk av våpenet ut over det som er nemnt i § 2 pkt. a. Dette gjeld for bruk av våpenet a) på souvernirar og gåveartiklar til kommersiell og privat bruk b) i tilknytning til eller på merke, medaljar, diplom og liknande, utarbeidd i samband med større stemne/møte eller arrangement haldne i kommunen c) som eit ledd i informasjonsarbeid av allmenn karakter om tiltak og verksemd innan kommunen.
Søknad om bruk av våpenet etter § 7 skal gje opplysningar om
- søkjaren
- kva våpenet er tenkt brukt til eller i samband med
- omfanget av bruken (tidsavgrensing, opplag, kva samanheng osv.)
- ved teikning eller modell vise utforming av våpenet og tingen, tiltaket og liknande, det er tenkt avtrykt på eller brukt saman med.
§ 9 Kontroll
Formannskapet skal føre kontroll med bruken av våpenet og påtale eller melde bruk og utforming som ikkje er i samsvar med desse vedtektene eller løyve gitt i samsvar med vedtektene.