Sykkelhotell

Aukra kommune tilbyr sykkelhotell om du ønskjer å parkere sykkelen din på Gossen. 

Om sykkelhotellet

  • Sykkelhotellet er eit tilbod for alle pendlarar eller andre reisande med behov for trygg sykkelparkering. 
  • Sykkelparkeringa er tilgjengeleg heile året. 
  • Det er eit lukka bygg med belysning og elektrisk låst dør.
  • Sykkelhotellet har 20 plassar i stativ og 5 plassar på golvet, totalt 25 plassar.
  • Om sykkelen dykkar ikkje passar i sykkelstativet, har vi 4 bukkar for oppheng i ramme. Ta kontakt med kommunen om dette er interessant. 

For å ta i bruk sykkelhotellet gjer du følgjande:

  • Ta kontakt med resepsjonen på Aukra kommunehus på telefonnummer 71 17 15 00 mellom kl. 09.00 - 14.30 eller møt opp i opningstida kl. 10.00 - 14.00.
  • Du må betale for brikka via Vipps. Søk etter nummer 124869 for å finne konto.
  • Du får ei brikke eller vi oppdaterer eit gjeldande adgangskort med tilgang til sykkelhotellet.

Kor lenge gjeld avtalen om lån av brikke?

Avtalen gjeld i utgangspunktet utan utløpsdato. Dersom det er stor pågang, vi dei som bruker hotellet mest bli prioritert.

Ansvar

Avtalen om bruk av sykkelhotellet er personleg og kan berre nyttast av ein brukar.

Oppbevaring av sykkelen på sykkelhotellet er på eige ansvar. Det er anbefalt å låse sykkelen til sykkelstativet med ein personleg sykkellås.  

Kontakt

Sondre Sporsheim Kårstein
E-post
Mobil 48 13 72 04
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra

Kart