Lyngbrenning

Kva er kystlynghei?

Kystlynghei er ei fleire tusen år gammal naturtype som er dominert av røsslyng. Den blei skapt i dei ytterste, oseaniske strøka langs Norges kyst der klimaet er så mildt at småfe kunne gå ute heile året eller det meste av året. For å skape godt beitegrunnlag blei lyngheiane brent slik at det oppstod ein mosaikk av gras- og urtevegetasjon (på nysvidde areal) og lyngvegetasjon. Røsslyng er ein eviggrøn dvergbusk som det beitast på heile året, men er viktigast som fôrplante om seinhausten og vinteren.

Kystlyngheiane har spelt ei viktig rolle i ressursutnyttelsane langs kysten og utgjorde tidlegare ca. 2 % av landarealet i Noreg. Dei strakk seg frå Lofoten til Kristiansand. Lyngheidrifta har gått sterkt tilbake i løpet av 1900-tallet. Når drifta vert redusert eller opphøyrer, gror lyngheiane igjen. Også skogplanting, gjødsling, oppdyrking, nedbygging og nitrogennedfall utgjer truslar mot gjenverande areal, og kystlynghei er no ei sterkt trua naturtype.

Kvifor kystlyngbrenning?

Noreg har verdas nordlegaste kystlyngheiar og dermed eit spesielt forvaltningsansvar for dei. Brann, beite og økologisk variasjon (fuktigheit, pH) gir til saman eit stort mangfald av økologiske nisjar i lyngheisystemet, som igjen gir rom for ei rekke artar og økotypar spesielt tilpassa bestemte delar av lyngheisyklusen.

Lyngbrenning er eit av fleire tiltak i skjøtselen av kystlyngheia ved sidan av beite og hogst av busker og trær. Tidlegare er det blitt brent flater innanfor beiteområdet frå 2005. I dag går det ca. 70 sauar i området. Når lamminga starta om våren ber sauehaldarane folk med hundar halde disse i band.

Lyngbrenning er nedfelt i forvaltningsplanen for Smågevantet naturreservat og forvaltiningsplanen for statleg sikra friluftsområde. Brenninga vert alltid meldt inn til Romsdal Brann og Redning og 110-sentralen på førehand.

Meir informasjon

Miljødirektoratet sin brosjyre om lyngbrenning (PDF, 7 MB)

Lyngbrenning på Småge 2005-2022

  

Kontakt

Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30