Visste du at?

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Visste du at?

I Noreg er forbruket av varer dobla sidan 1970-talet. Det økologiske fotavtrykket viser at vi ville trengt meir enn tre jordklodar dersom alle menneske i verda skulle levd på same måte som vi.

  • I følgje SSB kasta kvar hushaldning i landet 436,3 kg avfall i 2020 - det er ei auke på 9,3 kg frå året før.
  • I Aukra kommune kasta vi 411,3 kg i 2020 - som er ei auke på 34,2 kg frå året før.
  • På fem år har mengda hushaldningsavfall i Aukra kommune auka med 63,4 kg.
  • Aukra kommune har som mål å redusere mengda avfall frå hushaldningar, næringsliv og kommunale verksemder innan 2030.

I eit berekraft-perspektiv er det ønskeleg med ein omstilling til ein sirkulær økonomi med meir berekraftig produksjon, bruk og utnytting av ressursar. Det betyr å minimere mengde avfall, utnytte ressursane i avfall gjennom å redusere svinn og gjennom førebuing til ombruk og materialgjenvinning, samt auke bruken av sekundære råvarer og biprodukt frå ulike typar produksjonar.