Gnisten gjenbruksbutikk

Gnisten gjenbruksbutikk på Gossen opna 16. april 2021 som følgje av eit behov for eigna aktivitetar for innbyggarar som mottek tenester frå kommunen og som av ulike orsakar treng alternative aktivitetar for ei kortare eller lengre periode. Gnisten gjenbruk er eit tiltak for integrering og inkludering.

Gjenbruksbutikken har sal av klede, leiker, utstyr, pynt, smykke og bruksting til heimen. Gnisten ønsker å utvide med fleire aktivitetar, og ser føre seg å supplere med friluftsliv, trimgruppe, snikkarverkstad/oppussing av småmøblar, TV-spel, systue, teikning og maling, samt matkurs med meir. På nokre av desse aktivitetane ønsker dei å samarbeide med ulike lag og personar som til dømes bygdekvinnelaget, JoinUs-stiftelsen, folkehelsekoordinator, pensjonistar med erfaring frå handarbeid, handverk og ulike mattradisjonar med meir. Omsetnad og gjenbruk av ting er eit pluss i denne samanhengen, og har tydeleg potensiale i mange høve.

Butikken held til på Riksfjord skole.

Gå til Gnisten si side på Facebook