Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Framande artar

Framande artar er artar som vert flytta til stader der dei ikkje førekjem naturleg. Dei kan ha svært negative effektar på naturmangfaldet. Dei kan til dømes opptre som konkurrentar til dei opphavlege artane og vere ein trussel mot helsa vår, landbruk og friluftsinteresser.

Når ein framand art først har slått seg ned i eit område, er det ofte vanskeleg og kostnadskrevjande å bli kvitt den. Ein forutsetning for dette er tidleg innsats, før arten har spreidd seg i vesentleg grad. Dersom det ikkje er mogleg eller hensiktsmessig å utrydde arten, er det viktig å forsøke å avgrense spreiing for å hindre uheldige følgjer for naturmangfaldet. I Aukra kommune er det til dømes sitkagran, brunsnigle, mink og lupin som har vore trekt fram dei siste åra.

På nettsida til Statsforvaltaren kan du lese meir om kva artar som er framande, korleis du kjenner dei att og korleis dei kan nedkjempast. 

Framande skadelege planteartar

Kartlegging

Aukra kommune må intensivere arbeidet knytt til å kartlegge og, i samarbeid med grunneigarar, nedkjempe framande artar som utgjer ein trussel for lokalt naturmangfald. Alle kan, på ein enkel måte, vere med å bidra til at kommunen blir godt kartlagt. I arbeidet med kartlegging av framande artar er mobil-applikasjonen (app-en) til artsobservasjoner.no eit nyttig verktøy.

Gå til artsobservasjoner.no

Korleis hindre spreiing

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ønskjer at kommunane legg vekt på å sette vilkår som hindrar spreiing. Dette kan vere krav til eigen verksemd og innleigde entreprenørar om reingjering og desinfisering av maskiner og utstyr mellom kvart prosjekt og sikring av gravemassar (jf. Forskrift om framande organismar §24). Det kan òg vere å sikre at innbyggjarane har gode ordningar for levering av hageavfall, samt følgje opp villfyllingar.

Korleis kan jeg bidra?

Kontakt

Ragnhild Småsund
Plan- og miljørådgjevar
E-post
Mobil 91 51 08 31
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30