Kva er digitalt tilsyn?
Digitalt tilsyn er ei teneste for personar som har behov for trygging om dei bur i eigen heim eller på sjukeheim. Digitale tilsyn kan vere:
- Infrarødt kamera
- Sensorar som sengematte/sensorlaken
- Døralarm
- Fallalarm
Det vert avklart med deg kva type tilsyn som passar best. Ved utløysing av alarm vil helsepersonell få beskjed, og om du treng hjelp så vil dei rykke ut.
Ved bruk av infrarødt kamera treng vi samtykke frå deg og eventuelt pårørande. Saman med helse- og omsorgstenesta definerer du kva det skal sendast varsel om. Til dømes er det mogleg å erstatte eit fysisk tilsyn på natt med eit digitalt tilsyn. Då treng helsepersonell ikkje å låse seg inn hjå deg på natta og forstyrre din nattesøvn.
Aukra kommune nyttar RoomMate for digitale tilsyn.
Les meir om RoomMate
Kven kan få tilbod om digitalt tilsyn?
Digitalt tilsyn er ei tryggleiksordning for dei som av ulike orsakar ikkje meistrar å utløyse alarm sjølv. Orsaka til det kan til dømes vere kognitiv svikt som demenssjukdom eller psykisk utviklingshemming. Digitalt tilsyn kan vere eit tilbod til deg, anten du allereie mottek helse- og omsorgstenester eller ikkje, både i privat heim og i kommunale institusjonar. Du kan få velferdsteknologiske hjelpemidlar som fungerer for deg, som eit ledd i nødvendig helsehjelp.
Kva kostar digitalt tilsyn?
Tenesta er gratis, men behovsprøvd.