Rådgjevande teneste for russaker

Om tilbodet

Tenesta psykisk helse og rus har ein rådgjevande funksjon i saker som involverer rus. Tenesta har ansvar for å følge opp personar i dei tilfella oppmøte er sett som vilkår for ein bestemt strafferettsleg reaksjon etter §3-9b i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Tenesta omfatter òg gjennomføring av ruskontroll etter straffeloven §37 første ledd bokstav d, dersom det er satt som vilkår. 

Personar som har utført straffbare handlingar får som eit vilkår frå politiet å møte opp til ruskontroll og ein samtale i staden for strafferettsleg reaksjon. Laboratoriet ved Helsesenter utfører test, og resultatet vert sendt direkte til politiet. Det skal ikkje opprettast journal. Tenesta rus og psykisk helse står for innkallinga og skal melde til politiet i dei tilfella personen ikkje møter til samtale.

Kven kan få tibodet?

Tenesta vert bestilt frå politiet. Du kan ikkje søkje om det sjølv, men vil få ei innkalling frå kommunen.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kontakt

Marit Kathrine Thorsen
Spesialsjukepleiar psykisk helsearbeid
E-post
Mobil 90 36 79 50