Psykososialt kriseteam

Psykososialt kriseteam

Aukra kommune har etablert eit akutt psykososialt kriseteam for å kunne yte til­fredsstillande psykososial omsorg og støtte ved kriser, ulykker og katastrofar.

Det kommunale psykososiale kriseteamet skal medvirke til at enkeltpersonar, familiar eller lokalsamfunnet får tilbod om forsvarleg psykososial oppfølging og støtte frå det ordinære tenesteapparatet dersom kritiske hendingar inntreff.

Heile eller delar av teamet blir aktivert ved behov og i samråd med kommunen si overordna leiing. AMK, legevaktsentral, legevakt eller rådmann/kommunalsjef kan kontakte leiar ved behov for tenesta.

Kven kan du kontakte i psykososialt kriseteam?

Psykososialt kriseteam
Funksjon Medlem Tittel Kontaktinform.
Leiar Kristian Finn Risung Sokneprest 970 07 990
Nestleiar Thomas Rakvåg Kommuneoverlege 71 17 14 00
Medlem Tore-Jarl Olsen Spesialsjukepleiar 468 18 228
Medlem Camilla Hjellset Orø Leiande helsesjukepleiar 913 25 930
Medlem Heidi Hoksnes Helsesjukepleiar 481 56 255