Hverdagsglede-kurs

Frisklivssentral og avdeling for psykisk helse og rus skal halde Hverdagsglede-kurs våren 2024.

Om Hverdagsglede-kurset

Hverdagsglede-kurset er eit meistringskurs som handlar om dei små, enkle tinga du kan gjere i din eigen kvardag for å oppleve meistring og glede. Kurset er bygd opp rundt fem grep som er knytt til god psykisk helse og auka livskvalitet: 

  • Ver merksam
  • Ver aktiv
  • Fortsett å lære
  • Knytt band
  • Gje

Kurset går over fem gonger à 2 timar. Etter kvar økt får du ei oppgåve til neste gong som tek utgangspunkt i dine eigne erfaringar.

Kurset passar for alle vaksne som ønsker auka trivsel og meir glede i kvardagen.

Målet med kurset

  • Bli bevisst på kva for fem område som er dei viktigaste å ta tak i for å fremme din eigen psykiske helse og auke livskvaliteten
  • Få inspirasjon, råd og hjelp til å gjere øvingar og aktivitetar som kan gje ein betre kvardag

Kurshaldarar

  • Camilla Hjellset Orø, leiande helsesjukepleiar
  • Marie Elise Solberg Gjerstad, miljøterapeut
  • Therese Stokke Viken, leiande fysioterapeut
  • Silje Solheim Sunde, fysioterapeut

Filmar - Tips for auka kvardagsglede

Rådet for pyskisk helse har laga nokre korte filmar om korleis du kan auke kvardagsgleda.

Sjå filmar med tips om auka kvardagsglede

Dato, tid og stad

  • Dato: Tysdagar i tidsrommet 9. april til 7. mai 2024
  • Tid: Kl. 13-15
  • Stad: Undervisningsromma Myra og Nota i andre etasje på Aukra kulturhus

Påmelding

Du kan melde deg på ved å sende ein e-post til helsesjukepleiar Camilla Hjellset Orø. Påmeldingsfrist er 22. mars 2024.

Send ein e-post til Camilla

Pris

Pris for kurset er 300 kr. Kurshefte og enkel servering er inkludert i prisen.

Kontakt

Camilla Hjellset Orø
Leiande helsesjukepleiar
E-post
Mobil 91 32 59 30