TT-kort (drosjekort)

Har du ei varig funksjonshemming, fysisk eller psykisk, og har difor behov for dør-til-dør-transport for å kunne ta del i aktivitetar i nærmiljøet, kan du søkje om reiserett med transporttenesta (TT-kort).

Grunna overgang til nye retningsliner vert det ikkje tatt inn nye brukarar i TT-ordninga frå og med november 2023 og ut 2024.

Kven kan få TT-kort?

  • Personar som grunna si funksjonshemming er varig forflytningshemma og difor har vesentlege vanskar med å reise kollektivt, kan søkje om TT-kort. 
  • Funksjonshemminga må vare i minst 1 år for at søkjar skal bli godkjent som TT-brukar.
  • Rullestolbrukarar og blinde har førsteprioritet.
  • Retningsgjevande alder nedover er 10 år. Det er ikkje ei øvre aldersgrense.
  • Manglande busstilbod gjev ikkje rett til TT-kort.

Kva kan du bruke TT-kortet til?

TT-kortet er til fritidsreiser.

Du kan ikkje bruke TT-kortet til:

  • Sjuketransport
  • Legebesøk
  • Andre reiser som vert dekt av NAV eller andre offentlege myndigheiter.

Slik søkjer du om TT-kort

  • Ordninga er for tida under revidering og det er difor ikkje mogleg å søkje om TT-kort.
  • Det vil bli opna for nye søknadar i løpet av 2024.

Satsar for TT-kortet

Eigenandel frå 2024

Frå og med 2024 må du betale ein eigenandel på 40 kr per tur.

Saldo på kortet

Tap av kort eller skade på kort

Du kan klage på vedtak om TT-kort

Retningsliner for TT-kortet

Retningsliner for transporttenesta for funksjonshemma i Møre og Romsdal (PDF, 67 kB)

Nye retningsliner frå 2025

Møre og Romsdal fylkeskommune har vedtatt nye retningsliner som vil tre i kraft 1. januar 2025. I vedtaket står det at alle som har TT-kort idag må søkje på nytt i 2024 for å bli med i ordninga frå og med 2025. Frist for å søkje på nytt vil vere 1. oktober 2024. Søknadsskjema vil bli tilgjengeleg i løpet av 2024.

Meir informasjon om dei nye retningslinene og søknadsprosessen kjem.

Kontakt

Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Mobil 94 82 64 42
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30