TT-kort (drosjekort)Har du ei varig funksjonshemming, fysisk eller psykisk, og har difor behov for dør-til-dør-transport for å kunne ta del i aktivitetar i nærmiljøet, kan du søke om reiserett med transporttenesta (TT-kort).Kven kan få TT-kort?Personar som grunna si funksjonshemming er varig forflytningshemma og difor har vesentlege vanskar med å reise kollektivt, kan søkje om TT-kortFunksjonshemminga må vare i minst to år for at søkjar skal bli godkjent som TT-brukarNedre aldersgrense er 10 årManglande busstilbod eller vanskar med å bere gjev ikkje rett til TT-kortSøkar som berre unntaksvis kan bli godkjentPersonar som bur i heildøgns omsorg/institusjonPersonar som har privat bil, eigen bil frå NAV, grunnstønad til transport eller bilstønad etter folketrygdelovaSlik søker du om TT-kortFyll ut søknad om TT-kortLegg ved legeerklæringSend inn søknad om TT-kort elektroniskLegeerklæring ved søknad om TT-kort (PDF, 256 kB)Last ned søknadsskjema for TT-kort på papir (PDF, 156 kB)Spørsmål og svar om TT-kortet Satsar, eigenandel og soner for TT-kortet Soner og satser for TT-kortet Sone Definisjon Sats per halvår M1 Brukar bur inntil 10 km frå kommunesenteret 1 000 kr M2 Brukar bur meir enn 10 km frå kommunesenteret 1 750 kr Eigenandel Eigenandel du må betale sjølv per tur 40 kr Kva kan du bruke TT-kortet til? TT-kortet er til fritidsreiser.Du kan ikkje bruke TT-kortet til:Eigenandel til reiser med TT-kortSjuketransportLegebesøkAndre reiser som vert dekt av NAV eller andre offentlege myndigheiter Saldo på TT-kort I dei fleste drosjar vil saldo på kortet framkomme direkte ved å trekkje det gjennom drosjane sitt taksameter. Du kan også sjølv kontrollere saldo ved å:Ringe 51 90 90 01Sende SMS med ditt brukarnummer til 404 66 000Gå til di brukarside på Rogaland Taxi sine sider. Her må du logge på med ditt brukarnummer. Tap av eller skade på TT-kort Dersom kortet vert skada eller du mistar kortet, må du melde dette inn snarast mogleg ved å ringe til Rogaland Taxi på telefon 51 90 90 01. Gammalt kort vil bli sperra og du vil få tilsendt eit nytt kort. Kostnaden for nytt kort vil bli belasta din brukarkonto.Dersom kortet ikkje virker må du betale turen sjølv og søkje refusjon hos Rogaland Taxi AS.Ved søknad om refusjon må du sendeKvitteringInformasjon om årsakBrukarnummerBankkontonummertil Rogaland Taxi AS, PB 14, 4068 Stavanger. Du kan klage på vedtak om TT-kort Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du enten per post til:Aukra kommuneNyjordvegen 126480 Aukraeller digitalt ved å bruke eDialog.Du kan òg sende klagen på e-post til post@aukra.kommune.no. Hugs å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post. Retningsliner for TT-kortetRetningsliner for transporttenesta for funksjonshemma i Møre og Romsdal som gjeld frå 1. januar 2025. (PDF, 938 kB) Publisert 21.08.2018 14.50 Sist endra 10.04.2025 09.09