Ledsagerbevis (følgjekort)

Ledsagerbevis er for deg med nedsett funksjonsevne. Det gir deg rett til å ha med ein assistent som slepp å betale for billetten sin på kultur- og fritidsarrangement eller offentleg transport.

Kva er eit ledsagerbevis/følgjekort?

Eit ledsagerbevis gir den som blir med deg på kultur- og fritidsarrangement eller offentleg transport gratis inngang eller lågare pris. Eit ledsagerbevis kan vere greit å ha dersom du har ein støttekontakt.

Ledsagerbeviset er personleg, med namn og bilete. Det står på kortet kor lenge det er gyldig og varar vanlegvis tre år av gangen.

Kven kan få ledsagerbevis/følgjekort?

Ledsagerbevis er for personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne med behov for assistanse for å kunne delta på arrangement eller bruke offentleg transport. Funksjonsnedsetjinga må vere varig, det vil seie ho må vare i minst 2-3 år.

Kva kostar ledsagerbeviset/følgjekort?

Det er gratis å få eit ledsagarbevis.

Slik søkjer du om ledsagerbevis/følgjekort

  • Fyll ut vårt elektroniske søknadsskjema.
  • Vi treng eit bilete av deg (ikkje større enn passfoto). Du kan laste biletet opp i søknaden.
  • Søknaden vert behandla fortløpande.

Søk om ledsagerbevis

Dersom du ikkje kan søke elektronisk, finn du papirsøkand om ledsagerbevis under Alle skjema.

Kor kan du bruke ledsagerbeviset/følgjekort?

Det er den einskilde arrangøren eller verksemda som avgjer om dei aksepterer ledsagerbevis. 

Arrangement der Aukra kommune er arrangør aksepterer ledsagerbevis. Den som er eigar av ledsagerbeviset betalar full pris og billett for følgjepersonen er gratis. Ledsagerbillettane kan du kjøpe på same måte som andre billettar i e-billett.

Ledsagerbeviset er gyldig i heile Noreg, på dei stadane som aksepterer ordninga.

Ledsagerbevis - retningsliner

Klage på vedtak om ledsagerbevis

Kontakt

Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00
Ledsagerbevis
Tove Charlotte Æsøy
Mobil 90 80 96 46

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30