Om tenesta støttekontakt

Få hjelp frå ein person til å ha eit sosialt liv, og ei meiningsfull fritid.

Kva er ein støttekontakt?

Ein støttekontakt er ein person som får godtgjering  av kommunen for å hjelpe eit anna menneske til å ha eit sosialt liv og ei meiningsfull fritid. Støttekontakten kan komme heim til deg på besøk, bli med på kafé, kino, idrettstilstellingar eller andre sosiale aktivitetar.

Kven kan få støttekontakt?

Du kan søkje om å få støttekontakt på bakgrunn av sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale utfordringar eller nedsett funksjonsevne.

Slik søkjer du om støttekontakt

Send inn søknad om pleie- og omsorgstenester. Beskriv du støttekontakt og dine hjelpebehov.

Søk om støttekontakt her

Her finn du papirskjemaet for søknad om pleie- og omsorgstenester.

Kva kan eg forvente om eg får ein støttekontakt?

Du kan anten få ein individuell støttekontakt eller bli med i ei aktivitetsgruppe.

Individuell støttekontakt

Du får tildelt ein støttekontakt, og saman finn dykk ut korleis de vil organisere tida dykkar og kva aktivitetar de vil gjere.

Aktivitetsgruppe

I aktivitetsgruppene møtest støttekontakten(-e) saman med fleire deltakarar. Gruppene vert sett saman etter fritidsinteresser, alder, kjønn, bustad og diagnosar.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis, men utgifter til aktivitetar dekkjer du sjølv.

Klage på vedtak om støttekontakt

Vedtak om støttekontakt er eit enkeltvedtak som du kan klage på.

Kontakt

Støttekontakt under 70 år
Avdelingsleiar Marius Varanavicius
E-post
Mobil 97 48 51 38
Støttekontakt over 70 år
Avdelingsleiar Malene Lillebostad
E-post
Mobil 92 81 93 11
Pleie og omsorg, sentralbord
Mobil 41 85 90 00

Adresse

Besøks- og postadresse
Post- og besøksadresse:
Postadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
Besøksadresse: Aukraringen 14, 6480 Aukra

Kart