Dagsenter for eldre Dagsenteret held til i første etasje ved Aukra omsorgssenter.Tilbod og målgruppe for dagsentertilbodetMålgruppe er eldre heimebuande og personar med demens.Tilbodet er behovsprøvd.Brukarane blir henta og bringa.Tilbodet inneheld ulike aktivitetar, underhaldning og turar. På onsdag er det "Karadag".Det vert servert mat med felles middag kl. 14.15.Tilbodet er organisert under Eining heimetenester.AktivitetarPå dagsenter for eldre har du moglegheit for å delta på ulike aktivitetar og rehabiliteringstiltak. Vi ønsker å tilpasse oss dei behova du har, og legge til rette for dei aktivitetane du ønsker. Aktivitetane kan variere noko etter dag og samansetting av gruppe, men her kan du òg vere med på å planlegge dagen din og dei aktivitetane du vil halde på med.Vi tilbyr òg tre måltider i løpet av dagen, laga av dei flotte kokkane på kjøkenet her.Kostar dagsentertilbodet noko?Brukarane betalar eigenandel. Eigenandel dekker skyss, mat, aktivitetar og nødvendige tenester. Dagsentertenester - eigenbetaling Emne Eigenbetaling per dag 2024 Dagsentertenester 195,- OpningstiderMåndag kl 9:00 - 19:30Tysdag kl 9:00 - 15:30Onsdag kl 9:00 - 19:30Torsdag kl 9:00 - 15:30Fredag kl 9:00 - 15:30Laurdag kl 9:00 - 15:30Slik søker du om dagsentertilbodetSend inn søknad om pleie- og omsorgstenester. Skriv kva dagsentertilbod du søkjer på.Send inn søknadHer finn du papirskjemaet for søknad om pleie- og omsorgstenester.Klage på vedtak om dagsentertilbod Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du enten per post til:Aukra kommuneNyjordvegen 126480 Aukraeller digitalt ved å bruke eDialog.Du kan òg sende klagen på e-post til post@aukra.kommune.no. Hugs å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post. Sist endra 21.10.2024 15.16