Avlasting for eldre

Avlasting skal gjere det mogleg for pårørande å oppretthalde gode familierelasjonar, bevare sosialt nettverk og ha nødvendig og regelmessig fritid. Avlastingsopphaldet skal gje eldre moglegheita til å bu heime lengst mogleg.

Kven kan få tilbod om avlasting for eldre?

Pårørande som treng avlasting. Omsorgsarbeidet må vere særleg tyngjande og av varig karakter.

Om tilbodet avlasting for eldre

  • Innhaldet i tenesta er ivaretaking av grunnleggande behov og den omsorg og tryggleik som til vanleg vert ytt i heimen.
  • Tenestene blir utarbeidd i tett samarbeid med omsorgsytar.
  • Pårørande får tildelt avlasting der tenesta skal ivareta pårørande og ikkje vurdering av helsetilstand, observasjon eller behandling av brukar.

Kva kostar det?

  • Tilbodet er gratis.
  • Ved avlastingsopphald skal brukaren sjølv dekke utgifter til medisinsk behandling på same måte som i heimen.
  • Utgifter til aktivitet, reiseutgifter og personlege innkjøp under opphaldet, må brukar dekkje sjølv. 

Slik søkjer du om avlasting for eldre

Send inn søknad om pleie- og omsorgstenester. Skjemaet er elektronisk.

Send inn søknad

Her finn du papirskjemaet for søknad om pleie- og omsorgstenester.

Frist for å søkje om avlasting for eldre

Du kan søkje heile året, men vi ber om at du søkjer seinast seks veker før gjennomføring av avlasting. Dette for å kunne organisere naudsynt bemanning.

Klage på vedtak om avlasting for eldre

Kontakt

Nina Kristin Tomren
Einingsleiar heimetenester og institusjonstenester
E-post
Mobil 90 60 26 21
Thora Amanda Gundersen
Leder/fagleder
E-post
Mobil 97 54 52 91
Pleie og omsorg, sentralbord
Mobil 41 85 90 00