Avlasting for barn og unge

Aukra kommune gir tilbod om avlasting til familiar som har særskild tyngande omsorgsoppgåver. Tenesta skal avlaste familiane og gi dei nødvendig fritid og ferie.

Om avlasting for barn og unge

Avlastingstilbod for barn og unge blir ytt i kommunal avlastingsbustad eller i privat heim. Hjelpeomfanget blir vedteke ut i frå behovet. Omfanget kan variere frå nokre timar/døgn/helg til meir omfattande ordningar.

Aukra avlastingsbustad for barn og unge er ein nybygd, midlertidig avlastingsbustad som ligg ved Aukra Dagsenter på Falkhytten.

Målsetjing med avlasting for barn og unge

  • Utvikle eit tenestetilbod i samsvar med brukaren sitt behov
  • Skape trivsel for brukaren i eit trygt og omsorgsfullt miljø
  • Ha eit godt samarbeid med omsorgspersonane og skape eit positivt miljø for brukaren
  • Ha tilsette med god kompetanse og gode ferdigheiter

Kven kan få tilbodet om avlasting for barn og unge

Avlastingstenesta gir tilbod innanfor aldersgruppa 0-18 år.

Kva kostar det?

  • Tilbodet er gratis.
  • Utgifter til aktivitet, reiseutgifter og personlege innkjøp må brukar dekkje sjølv.
  • Ved avlastingsopphald skal pasienten sjølv dekke utgifter til medisinsk behandling på same måte som i heimen.

Slik søkjer du om avlasting for barn og unge

Send inn søknad om pleie- og omsorgstenester. Skjemaet er elektronisk.

Send inn søknad

Her finn du papirskjemaet for søknad om pleie- og omsorgstenester.

Frist for å søkje om avlasting for barn og unge

Du kan søkje heile året, men vi ber om at du søkjer seinast seks veker før gjennomføring av avlasting. Dette for å kunne organisere naudsynt bemanning.

Klage på vedtak om avlasting for barn og unge

Kontakt

Marius Varanavicius
Leiar Bergtun, avlastning og støttekontakt
E-post
Mobil 99 53 86 90

Adresse

Besøks- og postadresse
Post- og besøksadresse:
Postadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
Besøksadresse: Aukraringen 14, 6480 Aukra