Klage på helse- og omsorgstenester

Kva kan du klage på?

  • At du ikkje har fått den tenesta du ønskjer.
  • Forhold ved tenesta du ikkje er fornøgd med.
  • Kritikkverdige forhold.
  • Saksbehandlinga.

Å klage på eit vedtak

Dersom du har fått avslag på ei helseteneste du meiner å ha rett på, kan du klage. Dette blir kalla ei rettsklage. Ei rettsklage blir send til den avdelinga som har fatta vedtaket. Vedtaket blir då gjennomgått på nytt for å sjå om det bør endrast. Blir ikkje vedtaket endra, sender kommunen automatisk klaga vidare til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, som då vil avgjere saka. 

Å klage på ei teneste

Dersom du er misfornøgd med ei helseteneste du får, for eksempel på sjukeheim, bør du fyrst vende deg munnleg eller skriftleg til leiinga på sjukeheimen. Vêr tydeleg på kva du er misfornøgd med og kva du ønskjer endra.

Når dei som utfører tenesta får klaga din, må dei undersøkje saka og endre tilbodet dersom det ikkje er godt nok. Fører ikkje klaga fram, må du sjølv sende ei skriftleg klage til Statsforvaltaren som gjer ei vurdering av saka.

Kontaktinformasjon Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Les meir om klagegongen hos Statsforvaltaren

Treng du hjelp til å klage?

Treng du hjelp til å klage, kan kommunen hjelpe deg. Du kan også ta kontakt med Pasient- og brukerombudet i Møre og Romsdal. Dei veit kva du har krav på og korleis du går fram for å klage.

Ta kontakt med Pasient- og brukerombodet i Møre og Romsdal.

Lenker til anna informasjon som kan hjelpe deg i klageprosessen

Kontakt

Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00
Nina Kristin Tomren
Einingsleiar heimetenester og institusjonstenester
E-post
Mobil 90 60 26 21
Aukra legekontor
Aukraringen 17, 6480 Aukra
Telefon 71 17 14 00