Omsorgsstønad (omsorgsløn)

Kva er omsorgsstønad?

Omsorgsstønad (tidlegare omsorgslønn) kan verte gjeven til deg som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid for funksjonshemma barn eller vaksne med store pleiebehov. Omsorgsarbeidet må skje i eigen heim. Målet er at familien kan fortsetje å ha omsorga for sine nærmaste. 

Omsorgsstønad er ein fast sum kvar månad som gir ei godtgjersle for nokre av timane du bruker på pleie- og omsorgsarbeid i heimen.

Krav til søkjar

Slik søkjer du om omsorgsstønad

Send inn søknad om pleie- og omsorgstenester. I søknadsskjemaet skildrar du omsorgsbehova dine og kva tenester du meiner du treng.

Her finn du papirskjemaet for søknad om pleie- og omsorgstenester.

Kva skjer vidare med din søknad om omsorgsstønad?

Kommunen vil vurdere om omsorgsstønad er det beste alternativet, eventuelt saman med andre hjelpetiltak.

Tenk over dette før du søkjer om omsorgsstønad

  • Arbeider du mange timar per månad med omsorgsarbeidet? 
  • Er arbeidt meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg? 
  • Inneber omsorgsarbeidet mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvn? 
  • Er det behov for omsorgsarbeid i periodar eller heile tida? 
  • Fører omsorgsarbeidet til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid? 
  • Er det snakk om omsorg for meir enn ein person?

Klage på vedtak om omsorgsstønad

Kontakt

Nina Kristin Tomren
Einingsleiar heimetenester og institusjonstenester
E-post
Mobil 90 60 26 21
Pleie og omsorg, sentralbord
Mobil 41 85 90 00