Vaksine mot apekoppar

Informasjon om kven som blir tilrådd vaksine mot apekoppar, kvar og korleis du får tilbod om vaksine, og om effekten og biverknadene til vaksinen.

Kven får vaksine mot apekoppar?

Vaksinen blir tilboden til menn eller transpersonar som har sex med menn, OG som har risikoåtferd OG som har hatt syfilis, gonoré eller klamydia siste 24 månader. 

Risikoåtferd inneber hyppig partnerbyte, tilfeldig sex, gruppesex og chemsex. 

Les meir om apekoppvaksine på FHI si nettside

Kvar kan eg få vaksina?

Personar som er i risikogruppene kan bestille time til vaksinasjon på vaksinasjonskontoret i Molde. Du må bestille time på førehand. 

Kontakt vaksinasjonskontoret i Molde kommune for timebestilling. 

Når kan eg få vaksina?

Første vaksinasjon blir i veke 16. Vaksinasjonsdagar blir ein gong per månad vidare. 

Kva kostar det?

Konsultasjonen kostar kr. 280,-. Sjølve vaksinen mot apekoppar er gratis. 

Opningstider

Timebestilling vaksinasjonskontoret i Molde: 

Måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00.

Telefonnummer908 15 021

Adresse

Godtfred Lies Plass 4

6413 Molde