Influensavaksine

Aukra kommune startar med influensavaksinasjon i veke 43 for innbyggjarar over 65 år og andre risikogrupper. 

Kvar skjer vaksineringa?

Også i år vaksinerer me ein dag i Julsundet og ein dag på Gossen. Ver merksam når du bestiller time slik at du bestiller på rett stad. 

Slik bestiller du time

Du kan bestille time på to forskjellige måtar: 

  1. Ring legekontoret på telefonnummer 71 17 14 00
  2. Du kan  bestille time via nettstaden eller appen til helsenorge.no
    1. Trykk på “Bestill time”, 
    2. Du får spørsmål om å logge deg på med BankID 
    3. Trykk på Vaksine og vêl kor du vil vaksinere deg.
Bilde som illustrerer korleis du loggar deg på HelseNorge - Klikk for stort bilete

Når og kvar kan du vaksinere deg?

  • Det vil bli sett av dag til vaksinasjon på Gossen måndag 23. oktober i Aukrahallen frå kl 09.00 – 16.30, berre etter avtale.
  • Vaksinasjon i Julsundet vil bli fredag 27. oktober på Mevoldtunet frå kl 12.00 – 15.00 berre etter avtale. 

Kan du få koronavaksinen samtidig?

Vi får ikkje vaksinert med koronavaksine samtidig, så dersom du skal ha oppfrisking av denne vaksina, må du venta minumum ei veke etter influensavaksinasjon. Det skal ha gått minimum 6 månader sidan siste oppfriskingsdose med koronavaksine. Spør ved vaksinasjon om time til den veka etter. Kommunen nyttar vaksinen Vaxigrip Tetra som før.

Kva kostar vaksinen?

  • Årets influensavaksine har rettleiande pris frå FHI på kr 120,- for personar i risikogrupper og andre målgrupper. 
  • Betaling vil vera mogleg med bankkort og vipps både i Aukrahallen og på Mevoldtunet. 
  • Ved betaling via giro vil det bli belasta eit girogebyr på kr 71,-.

Kven bør vaksinere seg?

Personar i følgjande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg: 

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimestar). Gravide i 1. trimestar med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma),
    • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk),
    • diabetes typa 1 og 2,
    • leversvikt eller nyresvikt,
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade,
    • nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar),
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40),
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege.

Les meir om influensavaksine på Folkehelseinstituttet (FHI) si nettside. 

Kontakt

Aukra legekontor
Aukraringen 17, 6480 Aukra
Telefon 71 17 14 00
Koronakontakt
Tiili Stamsvik
E-post
Mobil 90 69 25 58

Opningstider

Legekontoret

Kvardagar mellom kl. 08.00 og 16.00