Covid-19 vaksinasjon i Aukra kommune

Aukra kommune er godt i gong med planlegging av Covid-19 vaksinering og mottok i dag vaksinasjonsutstyr frå Folkehelseinstituttet.

Når kjem vaksinen til Aukra?

Det er ikkje avklart når sjølve vaksinen vil kome til kommunen, men dette vil truleg skje i veke 2.

Ønskjer du å bli vaksinert?

Vaksinen har kort lagringsevne og det er spesielle vilkår for oppbevaring av vaksinen frå Pfizer-BioNTech. Det vil derfor bli viktig at dei som får tilbod om vaksinen, på førehand har teke stilling til om dei ønskjer å bli vaksinert. 

Kven blir vaksinert først?

  • Kommunen vil følgje dei tilrådde retningslinjene over prioritering og vil i fyrste omgang vaksinere bebuarar på sjukeheim og døgnbemanna omsorgsbustader.
  • Deretter vil personar i aldersbestemde grupper få tilbod om vaksinering.

Vidare informasjon om bestilling av time og lokalisasjon for vaksinering vil kome på kommunen sine heimesider og det vil bli sendt ut melding frå kommuneoverlegen.

Det er såleis ikkje ønskjeleg eller nødvendig å kontakte Aukra kommune eller legekontoret før informasjon om dette blir annonsert. 

Har du spørsmål om koronavaksine eller andre spørsmål?

Ved spørsmål om koronarelaterte emne kan du ringje koronatelefonen 906 92 558 eller sende e-post til korona@aukra.kommune.no.