HelsaMi

HelsaMi er ein digital inngang til helse- og omsorgstenester som vil gje deg mange moglegheiter.

Logg inn på HelsaMi for å:

  • registrere pårørande
  • legge til kontaktinformasjon
  • sjå dine helseopplysningar
  • sende melding

Kva er HelsaMi?

Med HelsaMi har du kontroll på dine helseopplsyningar til ei kvar tid, og du vil samtidig alltid ha opplysningane tilgjengeleg. HelsaMi er tilgjengeleg anten via app eller nettlesar.

Aukra kommune vil ta i bruk Helseplattformen 3. november 2023, og det er frå same dag du kan ta i bruk HelsaMi. Merk at det vil vere begrensa moglegheiter i starten.

Det er heilt frivillig å bruke HelsaMi. Det er eit tilbod til deg som ønskjer ein digital veg inn til helse- og omsrogstenester.

Hugs å sjekke om dine opplysningar stemmer

Kontakt- og pårørandeinformasjon frå tidlegare kommunale journalsystem vil vere lagt inn i HelsaMi. Det er difor viktig at du sjekker om din kontaktinformasjon, samt informasjon om pårørande stemmer.

Kva for informasjon ser du i HelsaMi?

I starten vil du finne lite opplsyningar, men det vil vere spesielt nyttig for deg som:

  • er gravid
  • har barn under 16 år
  • er over 16 år, og bruker helsestasjon for ungdom
  • er pårørande

Mengda opplysningar vil endre seg over tid. Etter kvart som du bruker kommunale helsetenester, som jordmor, helsestasjon eller liknande, vi du finne meir informasjon.

I HelsaMi kan du få oversikt over timeavtalar og besøkssamandrag frå konsultajsonar og møte. Det er også mogleg å få og sende meldingar ti dine helsekontaktar.

Har du barn under 16 år, kan du bruke HelsaMi på vegne av eigne barn. Du kan blant anna sende inn samtykkeskjema og følge opp barnet ditt.

Du kan også få tilgang som pårørande i HelsaMi. Då vil du ha kontroll på opplysningane som gjeld til dømes dine barn eller foreldre.

Desse kommunale helsetenester finn du på HelsaMi

Frå 3. november 2023 vil desse helsetenestene ta i bruk HelsaMi:

  • Helsestasjon
  • Jordmor
  • Fysioterapi og ergoterapi
  • Pleie- og omsorgstenesta

Fastlegane i Aukra tar i bruk systemet på eit seinare tidspunkt.

Om du bruker nokre av desse tenestene, vil du kunne blant anna søke om tenesta og sende melding til din kontaktperson. Det er også moglegheiter for digital oppfølging heime og videokonsultasjonar i HelsaMi.

Er du gravid og bruker HelsaMi, kan du legge inn alle helseopplysningar om deg direkte i appen. Du vil slippe dagens helsekort for gravide, på papir. 

Innkalling til helsestasjon vil komme via HelsaMi, det same for psykisk helse og rus. 

Nyttig å vite om HelsaMi

  • Det er informasjon om deg som skjer etter 3. november 2023 som vil bli synleg i HelsaMi. Har du hatt time, besøk eller brukt andre kommunale helsetenester tidlegare enn denne dato, så vil du ikkje kunne sjå denne informasjonen. 
  • Fastlegane i Aukra tar i bruk systemet på eit seinare tidspunkt.
  • Tilsette ser i journalsystemet dei jobbar med om du bruker HelsaMi eller ikkje. 
  • Du må vere over 16 år og ha beslutningskompetanse for å bruke HelsaMi. 
  • HelsaMi kjem som app for smarttelefon og nettbrett, men du kan også logge inn via helsami.no

Kva er Helseplattformen?

Helseplattformen er ein ny, felles pasientjournal for heile helsetenesta i Midt-Noreg. I dag ligg dine helseopplysningar i fleire ulike datasystem som ikkje snakkar med kvarandre. Som pasient må du gjenta historien din kvar gang du møter ein ny person i tenesta. Med Helseplattformen vil du nå få EIN journal som skal følge deg i alle møte med helsetenesta. At helsepersonell har tilgang til rett informasjon til rett tid, samla på ei og same plattform, vil også auke din pasientsikkerheit.

Sykehusa i Møre og Romsdal vil etter planen ta i bruk Helseplattformen våren 2024. Det er ikkje bestemt når fastlegane i Aukra tar i bruk systemet. 

Les meir om Helseplattformen