Frisklivssentralen sitt treningstilbodOversikt over gruppetimar for hausten 2023 Kva er frisklivssentralen sitt treningstilbod? Vi har for tida tre forskjellege tilbod: Yoga/bevegelegheitstrening, basistrening og tabata. Instruktør: Kristine Småge. Om yoga/bevegelegheitstrening Dette er ein time med fokus på styrke, balanse, avspenning og pust. Det er enkle øvingar gjort i eit roleg tempo med kroppsvekt som belastning. Nybegynnarnivå. Om basistrening Styrke og kondisjonstime med fokus på enkle øvingar med kroppsvekt eller vekter som belastning. Dette er ein time som passar for alle uansett nivå. Om tabata Styrke og kondisjonstime med høg intensitet, lagt opp som sirkeltrening der vi jobbar i tidsintervall på ulike postar. Øvingar med og utan ekstern vekt. Dato, tid og stad Frisklivssentralen sitt treningstilbod hausten 2023 Aktivitet Dag Klokkeslett Kor Yoga/bevegelegheitstrening Tysdag 10.00 - 11.00 Falken - dansesalen v/Aukra kulturhus Basistrening Onsdag 18.30 - 19.30 Aukrahallen Tabata Onsdag 19.45 - 20.30 Aukrahallen Oppstart Basistrening og tabata: 23. august 2023. Yoga/bevegelegheitstrening: 5. september 2023 Kva kostar det? Prisen er 500 kr per halvår. Du kan gå på dei timane du ønskjer. Gratis prøvetime Vi tilbyr ein gratis prøvetime. Berre møt opp på timen du ønskjer å prøve. Du kan melde deg på tilbodet etter prøvetimen, dersom du ønskjer å fortsette. Påmelding Du kan melde deg på via skjemaet nedanfor. Påmelding er bindande. Publisert 06.01.2022 12.28 Sist endra 17.08.2023 08.21