Betalingssatsar pleie- og omsorgstenesta Forskrift om egenandel for helse- og omsorgstjenester vert lagt til grunn ved eigabetaling i institusjon og i heimebasert omsorg. Satsane vert vedteke av kommunestyret årleg. Nedanfor følgjer oversikt over betalingssatsar for dei ulike tenestene for 2024: Dagsentertenester - eigenbetaling Dagsentertenester - eigenbetaling Dagsentertenester - eigenbetaling Emne Eigenbetaling per dag 2024 Dagsentertenester 195,- Dagsentertenesta er eit vedtak den enkelte får innvilga etter søknad, og må betalast ved fråvær. Unntaket er akutt innlegging på sjukehus eller institusjon.Eigenbetalinga dekker utgifter til skyss, mat, aktivitetar og andre tenester den enkelte har bruk for. GPS: Digitalt tilsyn GPS: Digitalt tilsyn Tenesta er gratis, men behovsprøvd. GPS er ein lokaliseringsteknologi som bidreg til å tryggje både brukar og pårørande. GPS fungerer slik at den er til ei kvar tid vil kunne syne pårørande og eventuelt tenesta, kvar ein brukar med GPS er. Lokaliseringsteknologien gir fridom og tryggleik for personar med kognitiv svikt. Dei kan tilkalle bistand der dei er - eller bli lokalisert der dei er av pårørande eller den kommunale tenesta etter avtale. Det er også toveis tale i GPS-ane. Praktisk hjelp - eigenbetaling Praktisk hjelp - eigenbetaling Praktisk bistand Inntekt Sats 2024 Inntil 2 G Maksimalsats fastsett av Stortinget kr. 220 per månad. 2-3 G Kr 378 per time, men maksimalt kr 929 per månad 3-4 G Kr 378 per time, men maksimalt kr 1 503 per månad 4-5 G Kr 378 per time, men maksimalt kr 2 178 per månad Over 5 G Kr 378 per time, men maksimalt kr 2 730 per månad Det er høve til å søkje om heilt eller delvis fritak frå eigenbetaling dersom brukar sin økonomiske situasjon gjer det vanskeleg å betale for hjelpa som er nødvendig for å klare seg i eigen heim.Innvilga timetal heimehjelp må betalast sjølv om bebuar ikkje er til stades på avtalt tidspunkt. Akutte sjukehusinnleggingar eller tilsvarande opphald i institusjon gjev fritak.Søknaden om heilt eller delvis fritak sender du til Heimetenesta i Aukra, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra. Matombringing - eigenbetaling Matombringing - eigenbetaling Matombringing Emne Pris per porsjon for 2024 Frukost, lunsj og kveldsmat 47,- Varm middag og dessert 122,- Matombringing til bebuarar bli innvilga gjennom vedtak. Bebuar må difor betale for tenesta sjølv om vedkomande i enkelt tilfelle ikkje nyttar seg av vedtaket. Unntaket er ved akutt innlegging i sjukehus eller institusjon. Opphald i institusjon - eigenbetaling Opphald i institusjon - eigenbetaling Korttids- eller langtidsopphald i institusjon Korttids- eller langtidsopphald i institusjon Gebyr Eining Sats 2024 Dag- og natt-opphald Pris per døgn 105,- Kortids- eller langtidsopphald over 60 døgn Makspris per døgn 4 893,- Kortidsopphald Pris per døgn 185,- Eigenbetaling for langtidsopphald og korttidsopphald over 60 døgn vert berekna ut frå bebuar si inntekt i tråd med forskriftDag- eller natt-opphald og korttidsopphald inntil 60 døgn har maksimalpris som fastsett i Forskrift av Stortinget.Avlastingsopphald skal ikkje ha eigenbetaling.Eigenbetaling for opphald i institusjon er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-2 og Forskrift om eigenandel for kommunale helse og omsorgstenester. Det kan ikkje krevjast eigenandel for korttidsopphald gitt som avlasting for å avlaste pårørande for deira omsorgsoppgåver.For korttidsopphald inntil 60 døgn har Aukra kommune eigenbetaling lik maksimalpris fastsett av Stortinget. Prisane blir justert årleg.Ved langtidsopphald og korttidsopphald over 60 døgn, blir eigenbetaling fastsett i tråd med forskrift og er regulert etter inntekt. Eigenbetalinga/døgnpris må ikkje overstige dei reelle opphaldsutgiftene. Tryggleikspakke - eigenbetaling Tryggleikspakke - eigenbetaling Tryggleiksalarm (tryggleikspakke) Gebyr Eining Sats 2024 Under 2G (under kr 237 240) Pris per månad 200,- Over 2G (over kr 237 240) Pris per månad 390,- Innstallering Pris per månad 0,- Kva er ein tryggleikspakke?Tryggleikspakken skal medverke til å skape tryggleik for å kunne bu heime lengst mogleg. Grunnpakken består av ein tryggleiksalarm og brannalarm. Brukar ber på seg eit smykke eller armband.Det kan knytast på fleire funksjonar etter kva behov personen har. Sensorane kan til dømes registrere dører, bevegelse, temperatur og vasslekkasje. Eit døme kan vere om brukar kjem attende i senga etter å ha vore på toalettet om natta.Når du trykker på alarmknappen, vert ein alarm utløyst som går til heimesjukepleia i Aukra. Du får direkte kontakt gjennom alarmboksen. Om heimesjukepleie ikkje får kontakt med deg, vil dei kome heim til deg.Tryggleikspakke brukast i eigen heim og skal medverke til å skape tryggleik for å kunne bu heime lengst mogleg. Om du ønskjer ein alarm som du kan bruke utanfor heimen, kan ein GPS vere aktuelt for deg.Brannalarmen er knytt til Molde brann og redning.Kven kan få tilbod om tryggleikspakke?Eldre, funksjonshemma og andre som kan føle seg utrygge ved å bu aleine, kan få tildelt tryggleikspakken. Søkjar må bu i bustad med tilgang på internett/4G.Tryggleikspakke er behovsprøvd.Kva kostar tryggleikspakken?Tenesta er behovsprøvd.Det er husstanden si samla inntekt som vert lagt til grunn ved berekning av inntekt Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester (lenke til lovdata). Sist endra 29.02.2024 09.16