Gratis kurs om personleg økonomiTreng du hjelp til å handtere din daglege økonomi? NAV arrangerer gratis kurs til deg. Om kurset og målgruppe NAV Aukra tilbyr innbyggjarane i Aukra kommune gratis todagars kurs i privat økonomi. Det fins to forskjellige kurs: "Frå minus til pluss" Todagars kurs som inneheld: Kort om betalingsproblem Korleis skape økonomisk balanse Enkle og smarte sparetips Korleis kombinere sunn og rimeleg mat Budsjett og ”2-konto-systemet” Bank, forsikring, straum og mobil Praktiske eksempel Kva kostar du? Kreditt Inkasso, forliksråd og namsmannen. Dine rettigheiter og plikter. Gjeldssaka sin gang gjennom systemet 10 gode råd SMART-kurs Todagars kurs som inneheld: Korleis gjer du eigne mål tydeleg? Oppdag at det går an å oppnå positive resultat i økonomien Grunnlag for å forhandle om lån og refinansiering Teknikken for å setje opp «Smartkart» (budsjett) Det får du på kurset: Gratis opplæringsmateriell Gratis arkiverings- og planleggingssystem Godt beslutningsverkty for deg og familien framover Kostar det noko? Kursa er gratis. Korleis melde seg på kurset? Du kan ta kontakt med NAV Aukra for påmelding. Sist endra 21.07.2021 11.34