Vil du gjere endringar på ditt startlån?

Har du eit startlån, men ønskjer å gjere endringar på lånet? Nedanfor finn du informasjon korleis du går fram.

Endre frå flytande til fastrente eller omvendt

Generelt

Vil du endre renta di, må du ta kontakt med vår låneforvaltar Intrum. Du kan logge på Mine Sider på Intrum si heimeside for å gjere endringar.

Logg på Mine Sider

Frå flytande til fastrente

Husbanken tilbyr fastrente for 3, 5, 10 eller 20 år. Du må kontakte vår låneforvaltar Intrum for å kunne benytte deg av tilbodet. Dei vil ordne ein avtale om fastrente med deg.

Fastrentetilbodet vert lagt ut på Husbanken si heimeside rundt den 6. i kvar månad. For å benytte deg av tilbodet, må Husbanken motta din signerte avtale innan den 24. i månaden før han skal tre i kraft.

Eksempel: Fastrentetilbodet for desember 2022 vert lagt ut den 6. november 2022. Husbanken må ha din signerte avtale innan 24. november 2022.

Husbanken sitt fastrentetilbod

Frå fastrente til flytande rente

Du må også ta kontakt med Intrum, dersom du vil bryte fastrenteavtalen. Du finn meir informasjon om det å bryte avtalen på Husbanken si heimeside.

Betalingsutsetjing og avdragsfri periode

Du må ta kontakt med vår låneforvaltar Intrum for å søkje om betalingsutsetjing eller avdragsfri periode. Intrum kan innvilge inntil til saman tre månadar betalingsutsetjing/avdragsfri periode - dette gjeld for heile låneperioden. 

Du kan enten logge på Mine Sider eller ta kontakt med Intrum sin kundeservice.

Logg på Mine Sider

Har du brukt opp desse tre månadane må du søkje Aukra kommune om betalingsutsetjing eller avdragsfri periode.

Send sikker post til kommunen

Søkje refinansiering

Skal du søkje om refinansiering av ditt startlån, må du sende inn ein ny søknad. Huk av for refinansiering i søknaden.

Søk om refinansiering

Kontakt

Intrum - låneforvaltar
Telefon 73 54 23 20
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00