Startlån og tilskot til etablering

Startlån og tilskot er for personar som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp av bustad og som heller ikkje har mulegheit for å spare.

Kven kan søkje om startlån og tilskot?

  • Barnefamiliar
  • Personar som mottar trygd/offentlege ytingar
  • Menneske med sosiale eller helsemessige utfordringar
  • Unge i etableringsfasen er ikkje i målgruppen

Les meir om målgruppene på Husbanken si heimeside.

Du finn meir informasjon om startlån og tilskot på Husbanken si heimeside.

Korleis søkje om startlån og tilskot?

Du søkjer om startlån og tilskot på Husbanken si heimeside. Her finn du informasjon om innlogging og tilgang til e-søknad. Det er muleg å lagre søknaden, dersom du ikkje blir ferdig med utfylling og skal fortsette seinare.

Vedlegg som du må levere saman med søknaden om startlån og tilskot

Kor lang tid tek det?

Kommunen behandlar søknaden innan fire veker etter at du har levert ein komplett søknad med alle vedlegg.

Korleis søkje om avdragsfridom eller betalingsutsetjing?

Ved søknadstidspunkt

Du kan opplyse om at du ønskjer avdragsfridom i din søknad om startlån.

Du har eit startlån og ønskjer å søkje om avdragsfridom eller betalingsutsetjing

Du må ta kontakt med Intrum, som er Aukra kommune sin låneforvaltar.

Kontakt Intrum

Klage på vedtak om startlån og tilskot

Regelverk for startlån

Lovar og reglar

Kontakt

Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Mobil 94 82 64 42
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra