Kommunal bustadKven kan søkje om kommunal bustad? Du kan søkje om å leige kommunal bustad, dersom du: ikkje klarer å skaffe deg ein eigna bustad sjølv eller med anna offentleg hjelp har behov for ein bustad som er særleg tilpassa grunna alder, funksjonshemming og/eller andre årsaker For å søkje kommunal bustad må du: ha lovleg opphald i Noreg ha budd i Aukra kommune dei siste to åra vere eller står i fare for å bli utan eigna bustad ha fylt 18 år Det kan gjerast unntak frå krav om butid: når særlege grunnar gjer kravet urimeleg ved førstegongs busetting av flyktningar Korleis søkje om kommunal bustad? 1. Finn frem desse vedlegg: Siste års skattemelding Bustadsattest frå Folkeregisteret Dokumentasjon over alle inntekter som for eksempel løn, trygd, pensjon, barnetrygd, sosialhjelp osv. Leigekontrakt og eventuell oppseiing, om du leiger bustad 2. Fyll ut vårt elektronisk søknadsskjema. Du kan laste opp alle vedlegg i skjemaet. Søk om kommunal bustad Dersom du ikkje kan søke elektronisk, finn du papirskjemaet under Alle skjema. Kva skjer vidare med din søknad om kommunal bustad? Vi behandlar søknaden så snart som muleg. Vi vurderer om du oppfyller vilkåra for kommunal bustad. Er det fleire søkjarar enn ledige bustadar, må vi prioritere mellom søkjarar med størst behov. Du får tilsendt eit skriftleg svar om du får tildelt bustad. Etter at du har motteken positivt vedtak om leige av kommunal bustad, vil du få tilsendt ein husleigekontrakt. Kva kostar ein kommunal bustad? Husleigesatsane i Aukra kommune vert justert 1. januar kvart år. Husleigesatsar for kommunale bustadar Husleigesatsar frå 01.01.2022: Husleiga for kommunale bustader er frå kr 4 400,- til kr 8 400,-. Leigetid for kommunale bustadar Du kan leige ein kommunal bustad for tre år. Vil du forlenge leigeavtalen, må du søkje om det seinast tre månadar før leigekontrakten ender. Du søkjer med søknadsskjemaet "Søknad om kommunal bustad", der du kryssar av for "vidareføring av leigeavtale". Klage på vedtak om kommunal bustad Vedtak om tildeling av kommunal bustad er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du til: Aukra kommune Nyjordvegen 12 6480 Aukra Eller du kan sende klaga på e-post til post@aukra.kommune.no Sist endra 15.12.2022 14.48