Månadleg faktura for kommunale avgifter

Du kan velje å motta månadleg faktura for kommunale avgifter. Du kan søkje om månadleg faktura når som helst, og det vil gjelde frå månaden etter at du har søkt.

Som standard får du 4 faktura per år for kommunale avgifter på følgjande hovudterminar:

  • 1. termin - med forfall mars
  • 2. termin - med forfall juni
  • 3. termin - med forfall oktober
  • 4. termin - med forfall desember

Du vil få faktura kvar månad frå og med tidspunktet for neste hovudtermin etter at du har søkt om månadleg faktura.

Månadleg faktura - kun digitalt

Dersom du ønskjer månadleg faktura, kan du ikkje ha papirfaktura (blankett). For å kunne bruke månadleg faktura, må du motta faktura digitalt gjennom ein av desse løysingane:

  • eFaktura
  • AvtaleGiro
  • Digital Postkasse 
  • E-post
  • Vipps

Du kan ordne digital faktura i din nettbank.

Har du kommunale avgifter på under/ca. tusen kroner per år, vil vi sende ut berre ein faktura per år - denne fakturaen vert sendt i slutten av februar kvart år, med forfall i mars.

Dine avgifter på MinSide

På MinSide får du informasjon om dine fakturaer, dine skjema og din eigedom.

Søk om månadleg fakturering

Kontakt

Berit Cesilie Huse
Spesialkonsulent
E-post
Mobil 92 01 90 85
Ingrid Ilestad
Saksbehandlar
E-post
Mobil 90 95 32 58
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30