Digitale brev frå kommunen

Aukra kommunen bruker den digitale løysinga SvarUT for å sende brev til deg. Då vil du kunne motta brevet same dagen som vi sender det til deg.

Registrer deg i kontakt- og reservasjonsregisteret

For å kunne ta i mot digitale brev, må du registrere deg i kontakt- og reservasjonsregisteret

Du må vere registrert med e-postadresse eller mobilnummer i kontakt- og reservasjonsregisteret for å kunne få brev frå stat og kommune tilsendt digitalt. Dersom du har logga inn på ei offentleg teneste med for eksempel MinID, har du samstundes registrert kontaktinformasjonen din i kontaktregisteret.

Logg inn for å oppdatere mobilnummeret og e-postadressa di og for å sjekke kva for eit språkval som er registrerte på deg:

Oppdater kontaktinformasjonen din

Ønskjer du ikkje digital kommunikasjon?

Du kan du reservere deg mot å ta i mot digitale brev. Då vil du få alle brev frå kommunen på papir. 

Reserver deg mot digital kommunikasjon

Du får melding om viktige brev frå stat og kommune

Når stat eller kommune sender eit vedtak eller eit brev med viktig innhald til deg, blir du varsla på det mobilnummeret eller den e-postadressa som du har lagt inn i kontaktregisteret. Dette er ei plikt det offentlege har, slik at du alltid får vite at du har fått eit viktig brev digitalt. 

Det er berre stat og kommune som kan hente informasjon frå kontaktregisteret.

Du kan få påminning om legetime og liknande på SMS og e-post

Når du har registrert mobilnummeret ditt eller e-postadressa di i kontaktregisteret, kan du få påminningar og informasjon frå stat og kommune digitalt. Det kan for eksempel vere påminning på SMS eller e-post om timeavtale på sjukehuset, varsel om stenging av vatn eller beskjed om når det blir snømoking i gata der du bur, slik at du kan flytte bilen din.

Oppdater på éin stad

Når du er oppført i registeret, treng du ikkje gi kontaktinformasjonen din til alle dei offentlege verksemdene du er i kontakt med. Stat og kommunar hentar kontaktinformasjonen din frå registeret og kan då senda deg meldingar og dokument digitalt.

Det er du sjølv som oppdaterer kontaktinformasjonen, og du treng berre gjere det éin stad. Du kan velje å registrere anten e-post eller mobilnummer, eller begge delar.

Kva inneheld kontaktregisteret?

Kontakt- og reservasjonsregisteret kan innehalde:

  • mobilnummeret og e-postadressa di
  • opplysingar om kva digital postkasse du har valt
  • språkval for digital kommunikasjon
  • informasjon om eventuell reservasjon mot digital kommunikasjon

Det er du som innbyggjar som sjølv registrerer og oppdaterer kontaktinformasjonen, og du oppdaterer han berre på éin stad. 

Meir informasjon om SvarUT og digital post finn du på heimesida til KS. 

Kontakt

Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00