Spørsmål og svar rundt ei atomhending

Direktoratet for strålevern (DSA) ser eit auka behov for informasjon rundt ei atomhending, og spesielt tiltaka som går på jodtablettar og innemelding. DSA har derfor utvikla ein del spørsmål og svar mynta på publikum. Tilsvarande informasjon er også lagt ut på heimesida til DSA.
 

Faglege råd om opphald innandørs og råd til samfunnskritisk personell

Råda er med tanke på eit radioaktivt utslepp til luft, som vil seie at eit avgrensa geografisk område i opptil nokre døgn blir ramma av ein luftstraum med radioaktive partiklar. Desse partiklane vil kunne falle ned med nedbør og feste seg til materiale det treffer, leggje seg på jord, gras og andre overflater. Resten av partiklane «dreg vidare» med vêr og vind i løpet av nokre dagar. Problemet med desse partiklane er at dei sender ut stråling som kan vere helsefarleg, særleg dersom dyr og menneske får dei i seg gjennom pust eller inntak av mat og drikke. Er det eit veldig høgt nivå av radioaktive partiklar vil ein vurdere å sikre område for å hindre ferdsel, ein vil be folk om å halde seg innandørs mens skya passerer og om det er mykje jod i skya vil ein tilrå grupper i befolkninga å ta jodtablettar. 

Eit viktig prinsipp i strålevern er å halde all eksponering for stråling som låg som praktisk mogeleg og her er avstand og tid avgjerande. Dess lengre unna strålinga ein er dess betre og dess kortare tid ein blir eksponert dess betre, derfor vil ein tilrå folk å halde seg innandørs om ein kjem over ei tiltaksgrense i mengd stråling i lufta. Det vil ikkje vere akutt helseskadeleg å opphalde seg utandørs i den perioden den radioaktive lufta passerer, men innandørsopphald vil redusere stråleeksponering.

Ein skal også unngå å få partiklane på huda både fordi dei gir stråling der og fordi det aukar sannsynlegheita for at ein får partiklane i seg gjennom munnen. Derfor tilrår ein å dekkje til hud og hår dersom ein må gå utandørs. 

Eit anna viktig poeng er at råda som blir tilrådde vil avhenge av kva som skjer: kva utsleppet inneheld og kor stort det er. Det er derfor ikkje mogeleg å gi heilt konkrete råd for alle tenkjelege situasjonar.
 

Råd om bruk av jodtablettar

Råd om opphald innandørs og klær for personell som må opphalde seg ute

Vatn og vassforsyning

Kontakt

Geir Janos Göncz
Kommunalsjef plan og utvikling
E-post
Mobil 97 98 79 09

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra