Korona

Ønskjer du informasjon om vaksinering? Ta kontakt med legekontoret: 906 92 558.

Aukra kommune ventar med vidare vaksinering med AstraZeneca til FHI og legemiddelverket har gjort sine vurderingar.

Gå til temaside om koronaviruset

Godkjenning av barnehagar

Godkjenning av barnehagar

Aukra kommunestyre er både barnehageeigar og barnehagemynde. Ei av oppgåvene til barnehagemynde er å godkjenne nye og eksisterande barnehagar.  

Dette seier barnehagelova om godkjenning av barnehagar:

§ 10. Godkjenning
"Kommunen avgjør søknad om godkjenning etter en vurdering av barnehagens egnethet i forhold til formål og innhold, jf. §§ 1, 1a og 2. Kommunen kan ved godkjenning sette vilkår for driften med hensyn til antall barn, barnas alder og opphaldstid."

Heimelsgrunnlaget i lov og forskrifter er som følgjer:

  • Lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehager (Barnehagelova)
  • Lov 1967-02-10 nr 00: Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (Forvaltningslova)
  • Plan og bygningslova
  • Forskrift om miljørettet helsevern i barnehage og skole
  • Arbeidsmiljølova
  • Brann- og eksplosjonsvernlova

Barnehagemynde fattar vedtak om godkjenning basert på eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag. Det er einingsleiar/styrar som har ansvar for å innhente grunnlagsdokumentasjon i samband med godkjenning. I tillegg skal styrar i søknaden vurdere barnehagen er eigna i høve til barnehagelova § 1 og 2 når det gjeld føremål og innhald, jf. barnehagelova §10.

Søknaden vert handsama av Komunedirektøren ved pedagogisk rådgjevar, og sak vert lagt fram for Livsløpsutvalet.

Kontaktinformasjon

Marianne Bolghaug
Pedagogisk rådgjevar
E-post
Mobil 915 10 168