Rett til redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehagen

Nasjonal ordning for redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehagen for hushald med låg inntekt.

Kven kan få redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid?

Barnehagar i Noreg, private og offentlege/kommunale, skal ikkje ta meir i brukarbetaling enn 6 % av hushaldet si samla skattbare inntekt. Dersom hushaldet brukar meir enn 6%, har man rett på redusert foreldrebetaling.

Barn på 2, 3, 4 og 5 år (og barn med utsett skolestart) har òg rett til 20 timar i veka gratis kjernetid i barnehagen, når hushaldet si samla inntekt er under kr 598 825,-. Kjernetida i barnehagen i Aukra er frå kl. 10.00-14.00 kvar dag.

Informasjon om foreldrebetaling

Kor lenge gjeld vedtaket om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid?

  • Vedtak om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid gjeld for eit barnehageår om gongen.
  • Du vel sjølv om du vil søkje ein gong for heile barnehagetida eller om du ønskjer å søkje på nytt kvart barnehageår. 
  • Vel du å søkje ein gong for heile barnehagetida, vil barnehagen fatte eit nytt vedtak for kvart barnehageår utan at du må søkje på nytt.
  • Vil du søkje på nytt kvart barnehageår, må du passe på å søkje i god tid før det nye barnehagåret startar.

Når kan eg søkje om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid?

Du kan søkje om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid heile året.

Slik søkjer du om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Klage på vedtak om foreldrebetaling og gratis kjernetid

Vedtak om foreldrebetaling kan du klage på. 

Lese meir om ordninga om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid?

Meir informasjon om ordninga finn du på Utdanningsdirektoratet sine sider.

Forskrift om foreldrebetaling i barnehager

Kontakt

Sissel Oliv Garseth
Styrar Barnebo barnehage
E-post
Mobil 94 88 43 17
Synnøve Karin Rishaug
Styrar Bergetippen barnehage
E-post
Mobil 46 90 67 21
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30