Tilvenning på Bergetippen barnehageFor å ivareta barna sitt tilknytingsbehov i starten i barnehagen brukar vi Foreldreaktiv tilvenning basert på «Jåttåmodellen». Modellen er inspirert av nyare teori og erfaringar frå mange år med tilvenningar i ulike barnehagar. Den vektlegg kor viktig dei føresette er for barnet når barnet begynner i barnehage.Målsettinga med foreldreaktiv tilvenningOppstarten i barnehagen skal gje barna ei sikker hamn for nære og trygge relasjonar.Vi i Bergetippen har hatt foreldreaktiv tilvenning i fleire år og erfaringane viser at barna blir raskare trygg på avdelinga og får lettare tilknyting til personalet. For at barna skal få ei god tilknytingstid i barnehagen er det viktig å sette av god tid. For barn under 3 anbefaler vi å sette av fem dagar til oppstarten. For barn over 3 år varierer det, vi ser an barna sitt behov og avtaler med foreldre når vi ser korleis det går.TryggleikssirkelenI arbeidet med å skape gode relasjonar til kvart enkelt barn brukar vi Tryggleikssirkelen (Circle of Security) som utgangspunkt. Tryggleikssirkelen synleggjer to grunnleggjande behov hos barnet:Behovet for tilknytingBehovet for utforskingTilknytingspersonAlle barn i Bergetippen barnehage får ein tilknytingsperson når dei begynner i barnehagen og når dei byter avdeling. Det vil seie at ein vaksen har det spesielle ansvaret for oppfølging av barnet. Foreldre får meir informasjon om tilknytingspersonen sine oppgåver før barnet startar i barnehagen.Samarbeid og informasjonsutveksling om nye barnI mai-juni vert det arrangert eit foreldremøte for foreldre til nye barn. Der blir det informasjon om Foreldreaktiv tilvenning og Tryggleikssirkelen. Barnehagen inviterer til ein samtale før barnet skal starte i barnehagen, slik at begge partar kan førebu seg best muleg til barnet sin start i barnehagen. Publisert 08.07.2020 09.13 Sist endra 06.12.2024 09.15