Tilvenning på Bergetippen barnehage

For å ivareta barna sitt tilknytingsbehov i starten i barnehagen brukar vi Foreldreaktiv tilvenning basert på «Jåttåmodellen». Modellen er inspirert av nyare teori og erfaringar frå mange år med tilvenningar i ulike barnehagar. Den vektlegg kor viktig dei føresette er for barnet når barnet begynner i barnehage.

Målsettinga med foreldreaktiv tilvenning

Oppstarten i barnehagen skal gje barna ei sikker hamn for nære og trygge relasjonar.

Vi i Bergetippen har hatt foreldreaktiv tilvenning i fleire år og erfaringane viser at barna blir raskare trygg på avdelinga og får lettare tilknyting til personalet. For at barna skal få ei god tilknytingstid i barnehagen er det viktig å sette av god tid. For barn under 3 anbefaler vi å sette av fem dagar til oppstarten. For barn over 3 år varierer det, vi ser an barna sitt behov og avtaler med foreldre når vi ser korleis det går.

Tryggleikssirkelen

I arbeidet med å skape gode relasjonar til kvart enkelt barn brukar vi Tryggleikssirkelen (Circle of Security) som utgangspunkt. Tryggleikssirkelen synleggjer to grunnleggjande behov hos barnet:

  1. Behovet for tilknyting
  2. Behovet for utforsking
Bilete viser prinsippet av Tryggleikssirkelen. Tryggleikssirkelen er ein visuell sirkel, der den vaksne er den trygge og sikre hamna. Når barnet er utforskande, beveger det seg ut frå den trygge hamna, barnet er da oppe i sirkelen. Barnet er framleis avhengig av vaksne i form av støtte, hjelp ved behov og glede. Når barnet er nede i sirkelen har barnet behov for beskyttelse, trøyst, godheit og organisering av følelsane sine.

Tilknytingsperson

Alle barn i Bergetippen barnehage får ein tilknytingsperson når dei begynner i barnehagen og når dei byter avdeling. Det vil seie at ein vaksen har det spesielle ansvaret for oppfølging av barnet. 

Foreldre får meir informasjon om tilknytingspersonen sine oppgåver før barnet startar i barnehagen.

Samarbeid og informasjonsutveksling om nye barn

  • I mai-juni vert det arrangert eit foreldremøte for foreldre til nye barn. Der blir det informasjon om Foreldreaktiv tilvenning og Tryggleikssirkelen. 
  • Barnehagen inviterer til ein samtale før barnet skal starte i barnehagen, slik at begge partar kan førebu seg best muleg til barnet sin start i barnehagen.

Kontakt

Synnøve Karin Rishaug
Styrar Bergetippen barnehage
E-post
Mobil 46 90 67 21
Monica Helseth
Assisterande styrar
E-post
Mobil 46 91 31 73

Opningstider

Barnehagane i Aukra

Måndag til fredag kl. 07.00 til 16.30

Adresse

Besøksadresse Bergetippen barnehage

Vollskaret 4

6409 Molde

Postadresse Bergetippen barnehage

Nyjordvegen 12

6480 Aukra