Bergetippen barnehage sine rutinar og reglarFor at kvardagen skal fungere godt, må vi ha nokre rutinar og reglar på barnehagen. Vi ber alle foreldre å lese gjennom våre rutinar og reglar. Barnehagen sine rutinar og reglar Dagen på barnehagen Kl. 07.00 barnehagen opnar Kl. 08.15-08.45 frukost Kl. 09.30-14.30 kjernetid Kl. 11.00 lunsj Kl. 14.00 ettermiddagsmat Kl. 16.30 barnehagen stenger Levering og henting Når de leverar og hentar barnet, må de alltid gje beskjed til ein i personalet på avdelinga. Dersom andre enn foreldre/føresette skal hente barnet, må personalet få vite det på førehand. Vedkomande må vise legitimasjon ved henting om vedkomande ikkje er kjent for personalet. Betaling ved for seint henting Vert barnet henta etter stengetid kl. 16.30, vert føresette belasta med eit beløp på kr 250,- per barn. Ferie og høgtider FerieBarna skal ha fem veker ferie i løpet av eit barnehageår.Minimum tre veker samanhengande sommarferie for barnet i perioden 1. juni til 14. august. Frist for føresette for å melde om sommarferie er 1. mai kvart år. Vi sender ut spørsmål om dette i god tid.Den fjerde veka kan vere dei dagane barnehagen er open i skolen sine haust- eller vinterferie. Barnehagen er stengt i jul og påske.Dei 5 studie- og planleggingsdagane gjennom året kan reknast som den femte ferieveka.(Henta frå vedtektene til Aukra barnehagane)HøgtiderBarnehagen er stengt i jul og påske. Planleggingsdagar Vi har fem planleggingsdagar i løpet av eit barnehageår, og då er barnehagen stengt. To dagar i august ved oppstart av nytt barnehageår som starter 15. august Måndag i skolen sin haustferie Fredag etter Kristi himmelfartsdag Ein dag som ikkje har fast dato Sjukdom og anna fråvêr Om barnet skal ha fri, er sjuk eller kjem seinare vil vi at de melder i frå til avdelinga i god tid. Registrer i Min barnehage-appen. Det er viktig at barnehagen får beskjed ved sjukdom. Smitte spreier seg lett i ein barnehage. Ved oppkast og diare skal barna vere heime 48 timar etter at dei er symptomfrie I barnehagen skal alle barna haldast vere friske slik at dei kan ta del i uteleiken Om barnet vert sjuk i barnehagen tek personalet kontakt med foreldre/føresette og ber om at barnet vert henta Medisinering Medisin skal helst gis av føresette. Om det er behov for at personalet skal gje barnet medisin i løpet av tida i barnehagen, må føresette skrive eigen avtale om dette med styrar. Ta kontakt med barnehagen for å få ordna dette. Leiker Ikkje ta med private leiker heimanfrå. Vi vil ikkje at leiker heimanfrå skal ligge i sekken, eller i hylla. Årsaka til dette er basert på observasjon og erfaring. Barnehagen ønsker å gje alle barn like moglegheiter til å kome inn i leik og å bygge vennskap. Leiker og ting heimanfrå bidrar til å gjere dette meir utfordrande for barna. Vi ber om at alle føresette respekterer denne regelen. Bursdagsfeiring Vi gjer stas på bursdagsbarnet. Vi lagar fruktfat eller smoothie. Vi syng bursdagssang, lagar krone og heng opp flagg. Dersom de ønskjer å invitere til privat selskap og vil legge invitasjonar i hyllene i barnehagen, kan de invitere: alle barna på avdelinga alle på avdelinga som er fødd same år som bursdagsbarnet alle jentene eller gutane på avdelinga, eller alle jentene eller gutane på avdelinga, som er fødd same året. Årsaka til desse reglane er at vi vil unngå at nokon barn føler seg ekskludert. Delte plassar, ekstra dagar og arrangement Barnet kan ha 80 eller 100 % plass i barnehagen. Når barnet har redusert plass, får det fullt tilbod dei dagane det er i barnehagen. Det er høve til å kjøpe enkeltdagar etter nærare avtale.Vi inviterar alle med delt plass til nissefest, temafest og andre arrangement. Publisert 08.07.2020 09.35 Sist endra 19.03.2025 14.22