Organisering og pedagogisk plattform

Barnebo barnehage er ein kommunal heildagsbarnehage på øya Gossen.

Organisering 

Barnehagen har 9 avdelingar, fordelt på husa:

  • Furutun: 4 avdelingar for barn 0-3 år
  • Aukratun: 5 avdelingar for barn 3- 6 år.

Furutun vart opna i 2007, nye Aukratun i 2021. Aukratun er nabo med Furutun.

Nærmiljø

Furutun og Aukratun brukar nærområdet aktivt. Hekseberget, Aukraskogen, Hallingshaugen, Hallingshauhålå og  gartnerfjøra er gode eksempel på naturområder som ligg i gangavstand, og som vi ofte besøkjer. Med dei yngste barna kan vi gå "100 meter på tur" i skogen rett ved sidan av barnehagen. Her har vi ordna oss eigen bålplass. Leikeplassane på Hukkelberget og ved Aukrahallen er og flittig brukte turmål for oss.

Alle husa har gangveg til, og ikkje altfor lang avstand til sentrum. Her stikk vi innom biblioteket, kommunehuset, frivilligsentralen, brannstasjon eller butikkane

Pedagogisk profil og verdigrunnlag


Barnebo barnehage - i møte med barnet

Rammeplan for barnehagen, tryggleikssirkelen og Reggio Emilia-filosofien sitt syn på barn og læring, er vårt utgangspunkt for korleis vi møter barnet kvar dag. At vi er glad i naturen, set farge på aktivitetar, tema og prosjekt. Vi er mykje ute, og stadig på tur i det allsidig flotte naturterrenget kring barnehagen.

Omsorg, leik, læring og danning spelar saman i eit heilskapleg syn på barn og barndom. Ei av primæroppgåvene våre er å gje barn omsorg. Det er ein føresetnad for barna sin tryggleik og trivsel, og for utvikling av empati, nestekjærleik og livsmeistring. Ny forsking viser at omsorg utviklar hjernen. Vi byggjer omsorgsfulle relasjonar ved å lytte til barnet, vere nær og vise vilje til innleving og samspel. Med utgangspunkt i tryggleikssirkelen møter vi barna på ein slik måte at dei vert trygt knytt til oss vaksne i barnehagen, og kan bruka tida si på å leike, lære og utforske. Vi vaksne skal støtte barnet slik at både behovet for utforsking, meistring og sjølvstende, og behovet for å komme til oss for trøyst, beskyttelse, rettleiing, regulering og organisering av følelsar, vert teke i vare på ein god måte. Fanget til dei vaksne er ein inngangsport til å delta i leik, og ein ladestasjon for barna mellom slaga.

Arbeidet med relasjonane mellom vaksne og barn, og barna imellom, er sentralt for å utvikle og sikre barna eit godt psykososialt barnehagemiljø. Vi skal vere varm, engasjerte og ansvarlege. Då er vi autoritative vaksne som er med på å gjere barna trygg.

Overgangar skal vere trygg. Når barnet byrjar i barnehagen, når det bytter avdeling og når det skal starte på skolen, skal barnehage, skole og foreldre samarbeide om at desse overgangane vert gode for barnet. Dei skal få tid til å bli kjent og til å etablere nye relasjonar.

Leiken har ein stor plass i barnehagen. Den er ei grunnleggjande livs- og læringsform som barnet uttrykkjer seg gjennom. Den har stor eigenverdi for barnet her og no, og er den viktigaste arenaen for sosialisering og språkutvikling.

Vi skal skape møteplassar for barna og involvere alle slik at dei får danne meiningsfulle vennskap. Vennskap og deltaking i fellesskapet er ein viktig del av barnet sin berebjelke i livet.

Vi skal rigge robuste fellesskap som gjev ei grunnkjensle av å høyre til og bety noko for andre. Plan for eit godt psykososialt miljø i Aukra-barnehagen vil vere med å styrkje og sikre god kvalitet i dette arbeidet.

Barnehagen fremmar samhald og fellesskap, og samtidig møter vi det enkelte barnet og tek i vare barna sine individuelle uttrykk. Gjennom arbeid med språk, og tilrettelegging av kulturmøte, vil vi  verdsette mangfaldet i fellesskapet som ein ressurs.

Det at alle menneske i barnehagen er ulike, skal vere det normale, og godt synleg. Til dømes skal dei ulike kulturane, religionane og språka som vi har, vere implementert i det daglege, og gje alle barna ei sunn og god identitetsdanning.
Mangfaldet vårt gjer at vi vil skape noko nytt saman, og utvide dei perspektiva vi allereie har på kvarandre og samfunnet elles. Vi skal sjå på likskap og forskjellar, vere nysgjerrige på kvarandre, og anerkjenne at mange av oss kan ha fleire identitetar. Vi skal snakke om forskjellar som ei styrke slik at vi er med å utviklar barna sin toleranse og respekt for dei som er annleis enn seg sjølv. Alle sine stemmer skal bli høyrd og ha betydning i fellesskapet.

Å ta barnet på alvor og vise det respekt, er sentralt i Barnebo sitt syn på barn. Vi lyttar til barna, ser kva dei interesserer seg for og er nysgjerrige på, for så å inspirere og støtte dei til å utforske verda vidare og skape gode vilkår for læring og danning.

I Reggio Emilia–filosofien sitt syn på barn og læring skal vi ha fokus på alle dei 3 pedagogane:

  • BARNET: er kompetent og nysgjerrig. Det kan, og vil medverke, delta og lære !
  • VAKSNE: lyttar og forskar saman med barna. Vi stiller spørsmål for å opne opp for undring og nye tankar.
  • ROMMET: skal inspirere og invitere til gode, utviklande og artige aktivitetar som knyt barna saman. Rom og materiale skal vere møteplassar der barn byggjer relasjonar med kvarandre. Det skal vere lett tilgjengeleg for barnet. Ute er like viktig som inne.

Vi vaksne på Barnebo er mogeleg-gjerarar. Vi meiner at kva barnet lærer, og korleis det skjer, er eit svar på dei moglegheitene vi gjev dei. Kreative prosessar, skapande aktivitetar og prosjekt, med utgangspunkt i barna sin magnet, pregar det pedagogiske innhaldet. Vi vil tilføre nye material og verktøy, og endre rom for å utvikle aktivitetar og leik vidare.

Kva kan eit barn bli? I ei heilskapleg tilnærming som tek arenaene for omsorg, leik, læring og danning på alvor, lyttar til barnet og skapar moglegheiter, kan ein tenkje seg innovative, undrande, kunnskapshungrige og handlekraftige barn. Barn med god nok sjølvkjensle til å tørre å skape, endre og utvikle, og med ønskje om å ta vare på det som er viktig for ei berekraftig utvikling inn i framtida.

Glad i naturen

Det kompetente, kreative og nysgjerrige barnet er utgangspunktet vårt for aktivitetar og tema-arbeid. Vi legg til rette for at barna skal få undersøke og teste hypotesane sine i eit stimulerande miljø.

Respekt for alt liv, gjenbruk for eit betre miljø og ei berekraftig utvikling, og mykje ute på tur i allslags ver, er viktig for oss. Vi tenkjer at vi skaper relasjon til naturen, ved å vere mykje ute i natur, og samle gode opplevingar og erfaringar.

Vi ønskjer gjenbruksmateriale frå bedrifter og privatpersonar. Gjenbruk er viktig for miljøet. I tillegg er dette gjerne kjønnsnøytralt og udefinerbart materiale som utfordrar barna til å vere kreative og nyskapande.

Å vere glad i naturen skal vere ei haldning som set preg på innhaldet i barnehagen på mange måtar. Vi arbeider tverrfagleg, og rammeplanen har prosessmål innan 7 ulike fagområde. Lengre bak i årsplan skriv vi litt om fagområda. Avdelingane vil sjølv velje sine tema og prosjekt utifrå interesser og magnetar i barnegruppa.

Rammeplanen seier at barna skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Dei skal få naturopplevingar, bli kjent med mangfaldet i naturen, og barnehagen skal bidra til at barna opplever tilhøyrsle til naturen. Desse haldningane og verdiane er ein del av danningsprosessen til barna.

Kontakt

Sissel Oliv Garseth
Styrar Barnebo barnehage
E-post
Mobil 94 88 43 17

Opningstider

Barnehagane i Aukra

Måndag til fredag kl. 07.00 til 16.30

Adresse

Besøksadresse Furutun

Hjertvikvegen 10

6480 Aukra

Besøksadresse Aukratun

Hjertvikvegen 2

6480 Aukra

Postadresse Barnebo barnehage

Aukra kommune

Nyjordvegen 12

6480 Aukra