Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) gir barn og foreldre råd og rettleiing om utvikling, opplæring, trivsel og tilpassing i heim, barnehage og skole.

Kva kan PPT hjelpe til med?

PPT utgreier og gir råd om barnet sitt behov for spesialpedagogisk hjelp og spesialundervising (0 -16 år). PPT er også sakkunnig for vaksne med behov for spesialundervising på grunnskulen sitt område.

Har du eit barn med behov for spesialundervisning? Då tek du først kontakt med skolen eleven går på, eller skal gå på.

Aukra samarbeider med Molde kommune når det gjeld tilbod om PPT.

Kven har rett til spesialundervisning?

Barn/vaksne som ikkje har eller kan få utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervising. Før det kan fattast vedtak om spesialundervising, skal barnet ha fått ei sakkunnig vurdering frå PPT.

Krav til barnehagen og skolen

Før eit barn (elev) blir vist til PPT, må vi vurdere om vi kan tilby hjelp innanfor det ordinære opplæringstilbodet. Det må også prøvast ut tiltak innanfor tilpassa opplæring. Dersom det ikkje er tilstrekkeleg, skal vi kontakte PPT. Dette skjer i samråd med foreldra/føresette.

Slik går du fram for å kontakte PPT

Foreldre, føresette, helsestasjon, barnehagar, skolar og andre kan kontakte direkte ved behov for råd og hjelp

  1. Ta kontakt med barnehagen, skolen, helsestasjon, legen eller andre
  2. Du/de vert kalla inn til ein samtale
  3. Det vert gjort undersøkingar og tiltak vert prøvd ut
  4. Melding vert sendt til PPT
  5. PPT utarbeidar ein sakkunnig vurdering av behov for spesialundervisning
  6. Vi fattar vedtak om spesialundervisning
    Dersom sakkunnig vurdering konkluderer med at ordinær opplæring ikkje er tilfredsstillande, skal vi fatte vedtak om spesialundervisning.
  7. Barnet/eleven og føresette må samtykke
  8. Barnet/eleven og føresette skal samtykke før enkeltvedtak om spesialundervisning vert fatta.

Kontaktinformasjon

PPT

Pedagogisk rådgjevar

Gossen barne- og ungdomsskole

Julsundet skole

Barnebo barnehage

Bergetippen barnehage

Klage på vedtak

Om du ikkje er einig i vedtaket frå PPT, kan du klage på dette. 

 

Avtaledokument om PP-tenesta

Samarbeidsavtale med PPT (PDF, 163 kB)

Kontakt

Marianne Bolghaug
Pedagogisk rådgjevar
E-post
Mobil 91 51 01 68
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30