Hytterenovasjon

Alle hytter i RIR-kommunane pliktar å ha ei renovasjonsordning.

Som hytteeigar kan du velje mellom to ulike abonnement:

1. Hyttecontainer

Dersom du bruker hytta lite og har lita søppelmengd, er dette eit greitt alternativ. Du kastar avfallet i samlecontainerar som står plassert sentralt i dei fleste hytteområde. Vel du dette alternativet slepp du å tenkje på hentedagen. Prisen for dette alternativet finn du i tabellen nedanfor under "Fastgebyr hytter".

Her finn du informasjon om returpunkt og plassering av hyttecontainerar

2. Fullt abonnement med kjeldesortering (standardabonnement)

Dersom du bruker hytta mykje eller ønskjer å kjeldesortere, vêl du dette abonnementet. Det kostar noko meir enn alternativ 1. Du får då utlevert same utstyr som vanlege hushald med standardabonnement og avfallet blir henta etter same frekvens som hushalda.

Renovasjon standardabonnement

Renovasjon standardabonnement
Varenummer Type abonnement Gebyr for 2024 inkludert moms
559 Standardabonnement 6 599
560 Fastgebyr renovasjon, per bueining 3 524
561 Fastgebyr hytter 2 050
562 Fastgebyr renovasjon, hybel (dersom hybel deler dunkar med hovudeining) 1 727

Kva dekkjer abonnementa?

Desse abonnementa dekkjer vanleg hushaldsavfall frå hyttelivet.

Farleg avfall, elektriske artiklar og grovavfall frå byggjearbeidar, kjellarrydjing eller anna søppel som ikkje kan kastast i behaldarane, må du levere til gjenvinningsstasjon. Det same gjeld hageavfall.

Gjenvinningsstasjon i Aukra kommune

Kontakt

Berit Cesilie Huse
Spesialkonsulent
E-post
Mobil 92 01 90 85

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30