I samband med overgang til nytt saks- og arkivsystem er det blitt ei endring på korleis dei politiske møteinnkallingane er bygd opp. Den politiske behandlingsprosessen går ofte gjennom fleire politiske råd og utval før det vert gjort endeleg vedtak. I det tidlegare sakssystemet vart dei tidlegare behandlingane i kvar enkelt sak fletta inn i møteinnkallinga, så ein fekk lett oversikt over status på saksgangen.
I det nye saks- og arkivsystemet er ikkje dei tidlegare behandlingane fletta inn i møteinnkallinga. Her finn du dei tidlegare behandlingane som eigne vedlegg, lista opp under behandlingsorgan. Her er eit eksempel på sak om foreldrebetaling i barnehagar. Øvst ligg den siste behandlinga, altså kommunestyret. (Det vil først kome etter at protokollen er publisert.)
Under “andre behandlingar” finn du dei tidlegare behandlingane. Øvst finn du den første behandlinga, med dei andre behandlingane under, i kronologisk rekkefølge.
Når du klikkar på saka under “saker til behandling”, vil det sjå slik ut:
Klikkar du på “vedtak”, kjem saksprotokollen fram. Her ser du møtebehandlinga, voteringa og vedtaket som er gjort i det aktuelle organet. Først i saksprotokollen kjem også ein tabell over råd/utval/styre saka skal verte eller har vore behandla i (markert i gult), samt dato og eventuell saksnummer:
NB! Frå og med den 1. januar 2021 vert sakene merka med forkortingar før saksnummeret. Kvar sakstype har sin eigen nummerserie.
- PS for saker til behandling (politiske saker)
- RS for referatsaker
- IN for interpellasjonar