Kvar hentar vi personopplysningane frå?

Aukra kommune hentar inn nødvendig informasjon om deg når du til døme søkjer om ei teneste frå kommunen. Desse opplysningane hentar kommunen frå sentrale register og frå søkjaren sjølv. 

Når vi tilbyr lovpålagde tenester til innbyggjarane våre, kan vi, dersom det er nødvendig, hente opplysningar om deg frå andre offentlege myndigheiter eller offentlege register, eksempelvis likningsopplysningar eller andre opplysningar frå Skatteetaten, NAV eller Folkeregisteret. Vi kan også be deg om å opplyse anna type informasjon når du eksempelvis søkjer om ei teneste eller yting.

Du har alltid rett til å få vite kor vi hentar opplysningar om deg. Dei einskilde fagområda skal opplyse deg om dette i samband med at du eksempelvis søkjer kommunen  om ei teneste eller yting. 

Kontakt

Personvernombod
Personvernombodstenesta ved IKA Møre og Romsdal IKS
E-post
Mobil 92 07 65 80
Behandlingsansvarleg
Aukra kommune
E-post
Telefon 71 17 15 00
Informasjonssikkerheitsleiar
Aaslaug Søreide
E-post
Telefon 90 08 85 78

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra