Rett ved automatiserte avgjerder

Eit dataprogram kan ikkje utan vidare ta store og viktige avgjerder om deg. Det slår personvernforordninga fast i artikkel 22.

Personvernforordninga forbyr automatiserte individuelle avgjerder som både

  • er heilautomatiske, det vil seie at eit dataprogram tek avgjerdene utan at eit menneske har reell innverknad på dei.
  • har rettsverknad for deg eller i tilsvarande grad har innverknad på deg.

Det er dermed berre store og viktige avgjerder som blir ramma av forbodet.

Det gjeld fleire unnatak frå forbodet, men i så fall har du òg særskilde rettar. Du kan mellom anna krevje at eit menneske ser på avgjerda (sjå under).

Unnatak

Forbodet gjeld ikkje viss 

  1. ei automatisert individuell avgjerd er naudsynt for å inngå eller gjennomføre ei avtale.
  2. det finst lovheimel for å ta automatiserte individuelle avgjerder, og den aktuelle lova sikrar rettane og interessene til den einskilde på ein fullnøyande måte.
  3. du har gjeve eksplisitt samtykke til at avgjerda blir teke heilautomatisert.

Det er endå snevrare høve til å basere avgjerda på særlege kategoriar av personopplysningar.

Rettane dine ved automatiske avgjerder

I tilfelle 1 og 3 skal verksemda ha særlege tiltak for å trygge rettane og interessene dine. I alle fall har du rett til

  • å seie di meining.
  • å seie i mot avgjerda.
  • å krevje at eit menneske går gjennom avgjerda.

Verksemda skal gje deg informasjon om at ho tek automatiske individuelle avgjerder, kva for logikk som ligg bak og kva for følgjer det kan ha for deg. Du kan òg be om ein overordna forklaring av avgjerda som er teken om deg.

Meir informasjon om pliktene til verksemder

Viss ei verksemd skal ta automatiserte individuelle avgjerder, må ho ikkje gløyme personvernprinsippa eller innbygd personvern. Relevante tiltak kan til dømes vere

tekniske og organisatoriske tiltak for å oppdage feilaktige personopplysningar og for å sjå til at opplysningane er oppdatere

test av systema og gjennomgang av algoritmane for å sjå til at handsaminga er rettferdig og ikkje diskriminerande og at algoritmane ikkje valdar urimelege resultat

Det er laga felleseuropeisk rettleiing om automatiserte individuelle avgjerder (ec.europa.eu). Rettleiinga er særleg skriven for verksemder.

Kontakt

Personvernombod
Personvernombodstenesta ved IKA Møre og Romsdal IKS
E-post
Mobil 92 07 65 80
Behandlingsansvarleg
Aukra kommune
E-post
Telefon 71 17 15 00
Informasjonssikkerheitsleiar
Aaslaug Søreide
E-post
Telefon 90 08 85 78

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra