Rett til sletting

I enkelte tilfelle kan du krevje at personopplysingar om deg blir sletta. Dette blir somme gonger kalla «retten til å bli gløymt».

Kva for opplysningar kan du krevje blir sletta?

Med mindre eit av unnataka gjeld (sjå lenger ned under Unnatak), kan du krevje sletting av opplysingane dine i følgjande tilfelle:

  • Dersom du nyttar deg av retten din til å protestere mot bruk av personopplysingane dine .
  • Dersom kommunen behandlar personopplysingane dine fordi du har gitt samtykke og du trekkjer tilbake samtykket.
  • Dersom du er mindreårig og har brukt ei digital teneste, slik som sosiale medium.
  • Dersom det ikkje lenger er nødvendig å behalde opplysingane ditt – formålet med opplysingane er oppnådde.
  • Dersom opplysingane har blitt innhenta ulovleg.
  • Dersom akommunen har sletteplikt etter lova.
  • Kommunen skal gjennomføre sletting utan ugrunna opphald og normalt seinast innan ein månad.

Unnatak

Retten til å krevje sletting gjeld ikkje i følgjene tilfelle:

  • Personopplysingane inngår i ei ytring som er verna av ytrings- og informasjonsfridomen.
  • Lagring er nødvendig for arkivering i ålmenta si interesse, vitskaplege eller historiske forskingsformål eller statistiske formål. Unnataket gjeld berre dersom sletting i alvorleg grad vil hindre at måla vert nådd. Vidare seier personvernforordninga artikkel 89 at desse typane behandling av personopplysingar må ha tiltak og garantiar for å vareta det einskilde sitt personvern. Les meir om journalistiske, akademiske, kunstnarlege og litterære formål
  • Kommunen har lagringsplikt etter lov (for eksempel bokføringsplikt eller arkivlova).
  • Lagring er nødvendig for visse typar bruk innan helsetenesta (etter personvernforordninga artikkel 9).
  • Lagring er nødvendig for å fastsetje, gjere gjeldande eller forsvare rettskrav.

Kommunen har plikter dersom den har utlevert opplysingar

Dersom du har rett til sletting og kommunen på eit tidlegare tidspunkt har utlevert opplysingar om deg til somme andre, har den normal plikta til å seie frå til mottakaren eller mottakarane om slettinga. Du har også rett til å få vite kven som har motteke opplysingane (artikkel 19).

Der opplysingane har blitt offentleggjort, skal kommunen ta rimelege skritt for å informere andre som linkar til eller har kopiert opplysingane, om at du har bedt om sletting.

Kontakt

Personvernombod
Personvernombodstenesta ved IKA Møre og Romsdal IKS
E-post
Mobil 92 07 65 80
Behandlingsansvarleg
Aukra kommune
E-post
Telefon 71 17 15 00
Informasjonssikkerheitsleiar
Aaslaug Søreide
E-post
Telefon 90 08 85 78

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra